Etter 20 år som jojo-slankar: – No legg eg ballen død

Eteforstyrring, sosial angst, depresjonar og operasjon. Anita Veberg gjekk gjennom mykje for å bli så tynn som mogleg. No tar den personlege trenaren eit endeleg farvel med slanking.

Anita Veberg

SLANKETRENING: Anita Veberg vart personleg trenar for å slanke seg sjølv.

Foto: Anita Veberg / Privat

– Krigen er over, seier Anita Veberg.

Mat og kropp har vore uvennane til førdianaren. Appelsinhud, strekkmerke og valkar var det verste ho visste.

Anita Veberg

STYRKELØFT: Ho trenar i settsitjande styrkeløftardrakt.

Foto: Anita Veberg / PRIVAT

– Eg blei personleg trenar fordi eg ikkje ville vere tjukk, seier Veberg.

Ho gjekk gjennom ein operasjon for å stramme opp hud på magen. Veberg trudde ho måtte bli slank for at folk skulle like ho. Gjennom 20 år gjekk vekta opp og ned.

Innvendig blei kvinna i 30-åra øydelagt. Kampen mot kiloa førte til angst, depresjonar og eteforstyrring.

– Eg la min verdi i å vere tynn for å bli likt og akseptert.

Så kom vendepunktet.

Kvinne i Texas

Medan Veberg sat på ein benk i Texas, der ho skjulte bilringen, dobbelhaka og valken på ryggen, så gjekk det ei dame forbi.

Anita Veberg

VENDEPUNKT: – Eg forstår at eg kan sjå flott ut med valkar og dobbelthake, seier Veberg.

Foto: Anita Veberg / Privat

– Ho var større enn meg og hadde flotte klede. Ho var berre så flott! Ho fekk meg til å forstå at også eg kan sjå flott ut med valkar og dobbelhake.

Gjennom eit lesarinnlegg i BT har Veberg tatt eit oppgjer med si eiga jojo-slanking.

– Det er nok fokus på korleis vi ser ut. Det må vi få ein slutt på, seier Veberg.

Målet hadde lenge vore at ho måtte gå ned nokre kilo for å drive med styrkeløft.

– Så kom tanken om at eg kan løfte uansett korleis eg ser ut i eit tettsitjande styrkeløftardrakt. Tankar og vanar er det første ein må endre, seier Veberg.

Anita Veberg

TEK EIT OPPGJER MED SLANKEPRESSET: Veberg tenkjer ikkje lenger på korleis ho ser ut i treningsklede.

Foto: Anita Veberg / Privat

Takkar magen

No har mora til tre fått eit heilt anna liv utan fokus på kva vekta viser.

– Eg har fridom. Eg stryk over magen min og takkar den for at den fungerer så bra. Eg venner meg til store overarmar og takkar dei for at dei har bore mine tre vakre små i deira barneår.

Du er meir enn god nok - Anita Veberg
Foto: Anita Veberg / Privat

Med innlegget sitt håpar den personlege trenaren at ho når ut til mange om at dei er bra nok.

– Du er meir enn kroppen din, og eg er meir enn kroppen min, avsluttar ho innlegget med.

Les også: Ida Marie gikk ned 60 kilo etter slankeoperasjon – nå angrer hun