Hopp til innhold

Her er tankbilen på hjula att etter 16 timar

– Det har vore ei krevjande og omstendeleg berging. Vi trengde natta, seier driftsleiar Vegard Johnsen i Førde bilberging.

Bilberging på riksveg 5 i Kjøsnesfjorden

OPNA: Riksveg 5 i Kjøsnesfjorden er opna for fri ferdsle etter at ein tankbil køyrde utfor og kvelva etter eit trafikkuhell tysdag ettermiddag.

Foto: NRK.no-tipsar

Like over klokka 07 var riksveg 5 i Jølster opna for fri ferdsle etter trafikkuhellet tysdag ettermiddag.

Tre vogntog var involverte i uhellet som skjedde i bakken opp mot Fjærlandstunnelen. Ein person vart lettare skadd då tankbilen han køyrde kvelva utfor vegen.

Driftsleiar i Førde bilberging, Vegard Johnsen, fortel at bilberginga har gått bra.

Tankbil velta på rv5 i Jølster

VELTA: Ein tankbil hamna på sida utfor vegen, og det var lenge frykt for at diesel ville sige ut frå trekkvogna. Det vart med mindre lekasjar.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Men det har vore ei krevjande berging sidan det er farleg gods bil, som inneheld drivstoff. Då går det litt ekstra tid. Det er mykje drivstoff som må tappast før vi får dradd den på vegen att, seier han.

Uhellet skjedde i 1530-tida tysdag. Vegen var lenge stengd etter uhellet, men vart ut på kvelden tysdag opna for manuell dirigering. Like over klokka 07 går trafikken som normalt.

– No har vi fått tankbilen på vegen att og startar på oppryddingsarbeidet. Det ser ut som om vi skal bli ferdige på skadestaden om ein times tid, seier Johnsen.

Tre vogntog krasja i Kjøsnesfjorden

FLERRA OPP: Tralla til semitraileren på veg ned frå Fjærlandstunnelen vart flerra opp på sida.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Til alt hell fekk ingen alvorleg fysiske skader. Innsatsleiar Arve Dvergsdal for brannvesenet fortalde om ein kaotisk skadestad då brannvesenet som første naudetat kom til staden etter uhellet.

– Tre-fire vogntog stod delvis ute av vegen og det var bildelar overalt i vegen. Då vi kom opp her, så låg tankbilen utfor vegen, fortalde han til NRK tysdag.

Vegen var glatt, og kraftig snøfokk gjorde sikta dårleg. Det var ei av årsakene til at politiet lenge ville halde andre trafikantar vekke frå ein av hovudvegane gjennom fylket.

– Vi er heldige at skadeomfanget ikkje vart verre enn det var. Eg frykta det var verre då eg kom hit, sa Dvergsdal.