Hopp til innhold

Her dreg Tommy ni tonn tung lastebil - no satsar fleire frå fylket på å bli Norges sterkaste

Rett kosthald og enorme mengder med trening er det som skal til for å bli Norges sterkaste mann. No satsar to unge menn frå Sogn og Fjordane på å bli nettopp det.

Tommy Solheim

RÅSTERK: Her dreg Tommy Solheim ein ni tonn tung lastebil.

Utøvarane frå Sogn og Fjordane gjorde det svært godt under årets meisterskap, med 10. plass til Tommy Solheim frå Gaupne som høgdepunktet. Kent-Marius Espedal Leirpoll frå Dale i Sunnfjord kom på ein svært respektabel 12. plass.

For både Tommy og Kent-Marius var det ein draum som blei til realitet då dei entra finalearenaen på Vinstra. Og bak ligg det det eit svært medvite forhold til trening, og ikkje minst kosthald. For i tillegg til all treninga, må dei ete svært mykje for å styrke muskulaturen.

– Eg et ikkje alltid fordi eg har lyst på mat, men rett og slett fordi eg må. Det blir litt meir enn kva den vanlege mannen i gata et. Generelt er det viktig å få i seg mest mogleg protein via maten, slik at det går veldig mykje i kyllingfilet, ris, pasta og fisk, fortel Tommy Solheim til NRK.

Kent-Marius Espedal

FINALEDEBUT: Kent-Marius Leirpoll Espedal i aksjon under Norges sterkaste mann på Vinstra.

Foto: John Andresen

Nær dobla kroppsvekt

Sidan han starta med sporten Strongman for nokre få år sidan har han gått opp frå 72 kilo til 110 kilo. Før dreiv han mykje med fotball og andre idrettar, no er han altså blant dei ti sterkaste i Norge.

– Det eg har gjort er å ta små steg og bygd meg gradvis oppover. Går ein for fort og for hardt fram, så kan det ende opp med skade. Det gjeld å bruke hovudet og ha tolmod i det ein driv med.

– Men korleis i all verda klarer du å trekke ein lastebil på ni tonn?

– Det krev at ein er sterk frå topp til tå. Sterk i lår, føter, armar og rygg. Har ein svakheit i kroppen, så klarar ein som regel ikkje å gjere det godt i ei slik øving, seier Tommy.

Tommy Solheim

LØFTAR TUNGT: Tommy Solheim kom på 10. plass under årets utgåve av Norges sterkaste mann-tevlinga.

Foto: John Andresen

Mental utfordring

At både han og Kent-Marius no er i norgestoppen i denne idretten er resultatet av innbitt trening, men også mykje brukt tid. Å bli så sterk er på ingen måte nokon dans på roser, og det krev og stor mental styrke.

– Eg likar å utfordre meg sjølv og gjere ting som kanskje ikkje alle andre klarer. Eg føler at det krev mykje av ein sjølv, fordi ein brukar så mykje tid på det. Men det krev også mykje av familien og kjærasten. Så det er nok på mange måtar ekstremt, slik sett, slår Tommy Solheim fast.

Vil bli sterkast

For 19 år gamle Kent-Marius Espedal gjeld det same. Han har i fleire år halde på med ulike idrettar, mellom anna friidrett. No er målet hans klart, nemleg å bli Norges aller sterkaste.

– Det er eit tøft mål å nå, men eg er ung og har mange år framfor meg i denne sporten, slår Espedal fast.