NRK Meny
Normal

Vêrfaste elevar har endeleg kome seg heim

Elevane ved Vågsøy ungdomsskule og Måløy vidaregåande kom seg lenge ikkje heim frå skulen, men er no blitt frakta over brua.

Vågsøy ungdomsskule

PØLSESERVERING: Elevane på Vågsøy ungdomsskule får servert pølse i stormen.

Foto: Kåre Bakke

Elevar Vågsøy ungdomsskule

FILM: Amila Adna Adzemovic (nr. 2 frå v.) kosar seg med film med medelevane.

Foto: Kåre Bakke

Både elevane ved Vågsøy ungdomsskule og Måløy vidaregåande skule var lenge vêrfast på skulen medan stormen herja utanfor skuleporten. No er dei derimot blitt henta av foreldra.

– No er skulen tømt, og privatbilar har henta elevane medan brua var open. Bussane trengde ei større opning for å kunne hente elevane, og vi ville ikkje vente på dei, seier rektor ved ungdomsskulen, Kåre Bakke.

Også elevane ved den vidaregåande skulen har kome seg over Måløybrua.

– Elevane på vidaregåande blir henta no, seier trafikksjef i Firda Bilag, Frode Romarheim til NRK.

Elevane tok det med fatning

Måløybrua er den einaste vegen til fastlandet, men den var stengt på grunn av sterk vind. I dag er siste skuledag før jul, men elevane tok derimot det heile med fatning.

– Det er litt kjedeleg, men eg trur alle har det bra no. Vi har set på film og vi har det kjekt her eigentleg, sa elevrådsleiar ved Vågsøy ungdomsskule, Amila Adna Adzemovic, tidlegare tysdag ettermiddag.

Totalt var 60 elevar og 18 lærarar vêrfast på skulen.

Kjem seg ikkje heim

Berre at det finst ei Facebook-gruppe med namn "Vind på Måløybrua" tyder at dei lokale er vant til at brua stengast av vind og vêr. Bilkøen har strekt seg omkring ein kilometer gjennom Måløy sentrum tidlegare i dag.

Brua regulerast automatisk ut ifrå vindstyrken og har opna og blitt stengt med ujamne mellomrom gjennom ettermiddagen.

Elevar vågsøy ungdomsskule

GOD STEMNING: Elevane brukar tida til å sjå på film og spele spel.

Foto: Kåre Bakke

På den vidaregåande skulen var det rundt 100 elevar og 10 lærarar som lenge var igjen på skulen. Nokon kom seg over brua då den var open ei periode tidlegare, men fleire måtte vente ei stund.

– Vi har handla mat, og steiker pizza og koker pølser til elevane. No ventar vi på at bussane skal kome. Køen har blitt mindre og brua er open av og til, sa rektor ved skulen, Åsta Navelsaker Røed, då brua framleis var stengt.

Det er derimot ikkje alle som kjem seg heilt heim sjølv om brua er open.

– Vi har ein del elevar som pendlar til Bremanger, og sidan ferja mellom Måløy og Oldeide er stengt, kjem dei seg ikkje heim. Dei vil bli innlosjert hjå vennar og familie, fortel rektoren.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.