Dei to er også mistenkte for eit innbrot på Leikanger. Årsaka til mistanken er vitneobservasjonar, seier lensmann i Eid, Webjørn Moa.
Sjokkbrekk
Tjuveriet frå ein gullsmed på Nordfjordeid den 24. juli vart karakterisert som eit sjokkbrekk av politiet. Tjuvane brukte ikkje stort meir enn eit minutt på å bryte seg inn i butikken, ta varer for 435.000 kroner, og å forsvinne. På Leikanger vart datautstyr for rundt 200.000 kroner teke i eit anna innbrot.
Bilen som er observert på alle dei aktuelle stadane er knytt til to personar som er kjende for politiet i Estland. Mellom anna for liknande tjuveri.