NRK Meny
Normal

Sogndal har estisk landslagsback på prøvespel denne veka

Den estiske landslagsbacken Taio Teniste (22) trenar med Sogndal ut veka.

Trond Fylling

VURDERER: Trond Fylling følgjer med når Taio Teniste (22) denne veka er på prøvespel i Sogndal.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Vi har snakka med klubben hans og det ser ut som om han blir for dyr for oss. Uansett om me snakkar om kjøp eller lån med opsjon på kjøp, seier sportsleg leiar i Sogndal, Trond Fylling.

Taio Teniste spelar på både høgre og venstre back, og har fungert i desse posisjonane både for klubblaget Flora Levadia og Estland sitt landslag.

Etter at overgangsvindauget som gjer det mogleg for klubbar å hente spelarar opna 1. august har Sogndal henta dei offensive spelarane Tonny Brocmann frå Horsens og Ruben Holsæter frå Førde.

Per Egil Flo har vorte omskolert frå venstreback til midtstoppar løpet av sesongen, og klubben ynskjer seg difor ein ny mann på venstreback. Vindauget stenger att 31. august, og difor trur Fylling tida blir for knapp til å hente nokon andre.

– Vi får sjå om det er aktuelt å prøve på noko meir med Teniste. Det kjem an på kor god han er i forhold til det klubben hans krev, seier Fylling.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.