Hopp til innhold

Eskortepiker trekkjer til distrikta

Politiet og hotella i dei store byane er så merksame på prostitusjon, at mange såkalla eskortepiker søkjer nye marknader ute i distrikta. I Sogn og Fjordane er det i desse dagar fleire eskortepiker på besøk.

Eskortepiker

ANNONSERER: Mange såkalla eskortepiker sel tenestene sine på internett.

Foto: Rune Fossum / NRK

Etter at den nye sexkjøplova vart innført frå 1. januar 2009 har det blitt vanskelegare for dei prostituerte å operere i dei store byane.

- Både politiet og overnattingsstadane i dei store byane har mykje fokus på dette. Det har gjort at mange no vel å søkje ut i distrikta, fortel Marit Grung som er leiar i Utekontakten i Bergen.

- Ting har endra seg etter sexkjøplova

I løpet av dei to åra har sexkjøplova ført til fleire endringar i måten prostituerte i Norge arbeider på. Etter at lova vart innført kan den som kjøper sex risikere bøter eller fengsel i inntil seks månader.

I dei store byane, der prostitusjon tradisjonelt sett har vore mest utbreidd, har politiet merka ein merkbar reduksjon i marknaden.

Både i Bergen og Oslo har det blitt mindre prostitusjon, medan politiet i Trondheim meiner prostitusjon er like utbreidd som før, skriv Aftenposten.

Auke i annonsemarknaden

Politiet i Sør-Trøndelag viser til at annonsemarknaden har auka, noko også Utekontakten i Bergen registrerer.

Dei arbeider med å førebyggje problem og medverke til ein betre livssituasjon for mellom anna personar som sel seksuelle tenester. I sitt arbeid har dei ofte kontakt med kvinner og menn som sel sex.

- Annonseringa av slike tenester på internett vert stadig meir organisert. Nokon lever av å hjelpe kvinnene med å lage annonser, lage til reiseruter og organisere overnatting, seier Grung.

(Artikkelen held fram under biletet)

Prostitusjon

PROSTITUSJON: I fleire store byar meiner politiet at det har blitt mindre prostiusjon. Andre meiner det er like mange prostitusjon som før, men at måten dei prostituerte arbeider på har endra seg.

Foto: :Illustrasjonsfoto Colourbox

Minst tre eskortepiker på veg til Sogn og Fjordane

På ei av nettsidene der kvinner kan annonsere for sine tenester kan ein i desse dagar lese at tre eskortepiker er på veg til Sogn og Fjordane.

Då NRK tek kontakt med den eine av dei, stadfestar ho at planen er å reise til Førde. Kvinna som ifølgje annonsen er frå Thailand, vil ikkje kommentere saka noko meir.

Men ifølgje annonsen kjem det tydeleg fram at kvinna skal vere i Sogn og Fjordane i fleire dagar i midten av mars. Det står også at ho kan tilby eksplisitte seksuelle tenester.

- Vi er kjende med at kvinnene reiser til mindre stader, og det er heilt openberrt at det er ein marknad også her, seier Grung.

- Politiet på mindre stader er ikkje så obs på problemet

Ho viser til at ei viktig årsak er at politiet og overnattingsstadene på mindre stader ofte ikkje har like mykje fokus på problemstillinga som i større byar.

- Kvinner vi har vore i kontakt med i Bergen har vore heilt tydelege på at dei vil prøve seg ute i distrikta, der politiet er mindre merksame på denne verksemda. I Bergen vert kvinnene ofte viste vekk frå hotella, fordi dei kjenner til dei, forklarar Grung.

Ber hotella om å vere våkne

Etter at lensmannen i den største byen i Sogn og Fjordane vart gjort kjend med at prostituerte er på veg til distriktet går han no ut med ei oppmoding til hotella og overnattingsstadane.

- Eg vil be hotella om å ha auga opne og ikkje ta inn gjester som dei mistenkjer har som intensjon å selje tenester som det er ulovleg å kjøpe, seier lensmann Jan Egil Tvinde i Førde.

Han seier kjøp av sex ikkje har vore ei problemstilling politiet lokalt har hatt mykje å gjere med dei siste åra. Men han er klar på at dei vil gjere undersøkingar dersom dei får tips om konkrete saker.

- Dette skjer nok over heile Norge. Det er saker som det ikkje alltid er enkelt og avdekkje og komme til botns i, men det er saker vi tek på stor alvor, seier Tvinde til NRK.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jan Egil Tvinde

ÅTVARER: Lensmann Jan Egil Tvinde i Førde og Naustdal ber hotella ha auga opne.

Foto: Brynjar Solheim / NRK

Vanskeleg å vite omfanget

Grung i Utekontakten i Bergen meiner det er vanskeleg å seie noko om omfanget av at prostituerte finn nye marknader i distrikta.

- Det har nok tradisjonelt sett ikkje vore mykje av denne typen prostitusjon på mindre plassar. Så det er klart, det er nytt dette, seier Grung til NRK.

- Dei er ikkje velkomne

Ved dei tre overnattingsstadene i Førde har dei ulike erfaringar med at kvinner som sel sex oppsøkjer dei.

- Vi har klart å unngå denne typen gjester tidlegare, då vi har fatta mistanke av forskjellige grunnar. Til dømes vil mange betale for rommet med ein gong, og ber om at dei ikkje skal bli forstyrra, seier resepsjonssjef Mariell Reed Pedersen ved Quality Hotel Førde.

Ho vedgår samtidig at det kan vere vanskeleg å avsløre kvinner som har intensjon å selje sex frå hotellrommet, og får støtte frå direktøren på det andre hotellet i Førde.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sunnfjord Hotel

STENGJER DØRENE: Rica Sunnfjord Hotel og dei andre overnattingsstadane i Førde seier kvinner som sel sex ikkje er velkomne som gjester hos dei.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

- Vi har vore skåna for dette

- I forhold til større byar har vi nok vore skåna for dette i stor grad. I løpet av dei 12 åra eg har vore direktør har eg fått eitt tips om slik aktivitet tidlegare, seier direktør Odd Erik Gullaksen ved Rica Sunnfjord Hotel.

Heller ikkje på den vesle overnattingsstaden Førde Pensjonat er eskortepikene velkomne.

- Dette er ikkje gjestar vi har lyst på, ikkje i det heile tatt, seier eigar Jostein Hillersøy.

Heller ikkje ved Førde motell er kvinnene velkomne.

Samarbeid mellom hotella

Reed Pedersen ved Quality Hotel Førde, seier overnattingsstadane samarbeider seg i mellom når det gjeld å oppdage uønskte gjester.

- Dersom vi oppdagar at vi har gjester som driv med denne typen aktivitet tek vi kontakt med politiet. Vi varslar også dei andre overnattingsstadane, forklarar Reed Pedersen.

- Kan vere offer for menneskehandel

Ifølgje annonsane på internett er dei tre kvinnene som kjem til Sogn og Fjordane i desse dagar alle i midten av 20 åra. To av dei skriv at dei er frå Thailand, medan den tredje skriv ho er frå Haiti.

Grung i Utekontakten seier mange av kvinnene som lever av å selje sex er utsette for menneskehandel.

- Dette er noko menn som kjøper sex må vere klar over. Sjølv om kvinnene kan sjå aldri så villige ut, så gjer mange dette fordi dei har gjeld til store organiserte kriminelle nettverk, seier Grung.