Bakgrunnen er at reiarlaga trekte dei i løn i samband med kjøp av nye kvotar i perioden 2000-2002. Det seier advokaten deira, Roald Engeness.
Om lag halve kravet er retta mot selskapet Nordkappjenta AS, den andre halvparten direkte mot Ervik Havfiske.
For lite hyre
Bakgrunnen for striden er at reiarlaga kjøpte nye fiskekvotar som dei så let fiskarane vere med på å betale – utan at dette skal ha vore avtalt. Fiskarane meiner dei dermed fekk mindre i hyre enn dei hadde krav på, fortel Engeness, som innrømmer at dette er komplisert juss.
Advokat Richard Bjerk, som representerer reiarlaga, vil ikkje uttale seg om konflikten.
Saka skal opp i Fjordane tingrett i april neste år.