Hopp til innhold

Ervik frifunne for ulovleg fiske

Ervik Havfiske i Selje er frifunne for ulovleg blåkveitefiske. Verksemda fekk tre milllionar kroner i inndragingsførelegg etter at dei blei kontrollert av kystvakta i 2002.

No er både skipper og reiarlag blankt frifunne i Vesterålen Tingrett.

- Retten har ikkje funne bevis for dei skuldingane kystvakta og politiet har kome med. Vi vart blant anna skulda for å ha eit dataprogram for å manipulere fangstdagboka og at båten hadde slått av satellittsporingsutstyret og at det var fiska direkte etter blåtkveite og feilført i fangstdagboka. Men retten festa ingen lit til bevisa kystvakta fremja, seier Ervik Havfiske sin advokat,  Richard Bjerk.

- Vil dykk krevje erstatning? 

- Det har eg ikkje diskutert med klienten, seier Bjerk.