NRK Meny
Normal

Ervik arena for landets beste surfarar

ERVIK (NRK): I Ervik slår bølgjene inn over den fine sandstranda rett frå ope hav. Denne helga er det ikkje berre båtar som skal kjempe i bølgjene frå Stadhavet. No møtest surfarane til dyst.

NM i bølgjesurfing i Ervik, Stad. Surfarane ladar opp og gjer seg klare til konkurranse.

KONKURRANSE: Torsdag gjorde Noregs beste surfarar seg kjende med farvatnet i Ervik. I helga er det klart for konkurranse om å bli krona til Noregs beste bølgjesurfar.

– No kjenner eg kulda på innsida av kroppen, men vi har hatt det herleg og kosa oss den tida vi har vore i vatnet, seier Eivind Nilsen.

Han har køyrt 14 timar frå Kristiansand for å få med seg helgas store mål for norske surfarar. NM i Ervik på Stad.

Ervik er ein eksotisk stad å surfe på.

KALDT: Steikande sol og palmesus går gjerne hand i hand med surfing. Berre ikkje i Ervik. Her ventar ope hav og eit isande kaldt vatn.

Foto: Camilla Knudsen

I konkurransen, skal kring 50 surfarar kappast om å ri bølgjene på mest mogleg spektakulære måte, er Nilsen ein av dei som dømme bragdene.

– Eg har store von, og trur det kan bli ei kjempehelg med mange høge poengsummar. Dette er ein av dei beste surfestadane i Norge, seier han medan tennene nærast klaprar om kapp med vindkasta som skyl inn over land.

Bølgjene i Ervik byr surfarar gjerne opp til dans.

LEIK: Bølgjene i Ervik byr gjerne surfarar frå både inn- og utland opp til dans. Men kaldt, det er det.

Foto: Camilla Knudsen

Tøff, men kald konkurranse

Stad surfeklubb arrangerte NM også i 2009, men mykje har skjedd sidan då skal vi tru arrangøren.

– No har vi fått heva nivået på konkurransen. Det er også nesten eit og eit halvt år sidan sist NM, og mange trenar mykje og utviklinga av sporten har vore stor, seier Camilla Monsen.

Alt er klart for NM i bølgjesurfing på stad.

KLAR: Arrangørane av NM i bølgjesurfing bur seg på å ta i mot deltakarar frå nær og fjern når landets beste surfarar skal kårast i Ervik denne helga.

Foto: Borgar Sagbakken

Ho vegrar seg for å spå kven som går vinnande ut av konkurransen. Årets arrangement er også ope for utanlandske deltakarar, og det er venta mange erfarne bølgjesurfarar til Stad. Uansett om dei kjem frå Noreg, Sverige, New Zealand eller USA – kamp om sigeren blir det.

– I dag såg vi ein surfar bli dekka av bølgje, som i ein tunnel. Det er ikkje så vanleg å sjå her. Alt tyder på at vi har dyktige utøvarar på plass, seier Camilla Monsen.

Ho trur alt ligg til rette for ein spanande om enn kald konkurranse.

– Det er meldt gode forhold med sol og vindstille, men det er kaldt. Samstundes har våtdraktteknologien blitt så bra at ein kan oppleve å bli sveitte ut i der sjølv no. Vi har ikkje kontroll på vêret og bølgjene, men det ser ut til å vere på vår side så då blir det berre kjekt, avsluttar Monsen.

GILGAMESH - Kongen som nekta å døy
"Parkslirekne er ein plagsam vekst".
Detaljane skal finpussast