Hopp til innhold

Erstatningskrav hopar seg opp

Erstatningskrava mot Vest Tank hopar seg opp etter eksplosjonen i Gulen. Og det vil komme fleire.

Vest Tank
Foto: Steinar Lote / NRK

Forsikringsselskapet Protector Forsikring representerer Vest Tank i Gulen. I løpet av den siste veka har dei motteke fleire krav om økonomisk kompensasjon etter eksplosjonen ved Vest Tank sitt anlegg i Gulen.

Veit ikkje beløp

Men skadesjef i Protector Forsikring, Fredrik Messel, kan enno ikkje seie kor store summar det er snakk om.

- Vi har fått inn 10 krav frå folk som meiner dei har fått ein skade i samband med ulukka. Og det dreier seg stort sett om bedrifter.

- Sju av dei har berre meldt frå om at dei vil kome med eit krav, utan å spesifisere noko beløp, seier han.

Og det vil komme fleire krav. Administrerande direktør i Wergeland-Halsvik, Lars Hellandsjø, seier fleire bedrifter i Sløvåg har hatt eit møte der dei vart samde om å sette fram eit samla krav. Alle desse var etablerte på same industriområde.

- Vi vil søke kompensasjon for tapt produksjon og tapte inntekter fordi dei tilsette vart evakuerte den dagen. Men vi har ikkje oversikt over kor store beløp det er snakk om, seier Hellandsjø.

Brannvesenet vil ha kompensasjon

Vest Tank
Foto: Kåre Næss

Også Gulen kommune vil søkje om erstatning for utgiftene dei har hatt i samband med eksplosjonen på Vest Tank i mai.

Kommunen har motteke eit krav frå brannvesenet i Bergen etter eksplosjonen. Varabrannsjef Karl Otto Nesdal seier det økonomiske kravet er for alle ekstrautgifter i samband med utrykkinga. Kravet er på i overkant av 160.000 kroner.

Ordførar Trude Brosvik seier dei også vil søkje erstatning for utgifter til eige brannvesen.

- Administrasjonen har også brukt mykje tid på saka. Det er ein del dagar med arbeid vi er blitt påførte, seier ho.