Det var i 27. mars 2001 at 43-åringen var på arbeid ved Gamle Viervatn i Årdal. Der inspiserte han ei sjakt ved ei av demningane til Hydro Energi då han fall ned i sjakta og omkom.
Kritikk
Arbeidstilsynet kom etter dødsulukka med skarp kritikk mot Hydro og meinte at tryggleiksrutinane ikkje var gode nok. (Sjå "Kritikk mot Hydro Energi ".)
Dette har selskapet på mange måtar vedgått, og i ein eigen internrapport lova dei å skjerpe rutinane sine.
Men sjølv om Hydro innser at ulukka kanskje kunne vore unngått, så nektar dei å møte kravet om erstatning som no kjem frå familien til 43-åringen.
- Vilkåra for oppreisingserstatning er ikkje til stade slik vi ser det, seier informasjonssjef Bård Hammervold i Hydro. Korkje han eller advokaten til familien ynskjer å kommentere saka utover dette.
Oppreising
Men etter det NRK kjenner til vil familien ha oppreisning for tapte forsørgjarinntekter. 43-åringen etterlet seg to døtrer, og advokaten ber retten - om dei finn Hydro ansvarleg - ta stilling til kor stort beløp familien skal ha i erstatning.
Dersom partane ikkje blir samde om eit forlik, skal Sogn tingrett til stilling til saka 8. juni.