Hopp til innhold

Erstad må i retten att

Høgsterett skal ta stilling til rolla Karl Jan Erstad hadde i Vest Tank før eksplosjonen i Sløvåg 24. mai 2007.

Vest Tank-rettssak

Frå rettssaka i Nordhordland tingrett.

Foto: Steinar Nedkvitne/NRK

Erstad, som er busett på Fure i Fjaler, vart dømd til 45 dagars fengsel på vilkår i Nordhordland tingrett, men vart frikjend i Gulating lagmannsrett. No har Økokrim anka dommen i lagmannsretten, skriv Firda. Saka kjem opp i Høgsterett 3. januar.

LES OGSÅ: Vil anke dom i Vest Tank-saka

LES OGSÅ: Norgeshistoriens verste miljøsak

LES OGSÅ: - Solheim førehandsdømer


Advokaten til Erstad, Torbjørn Sognefest Kolås, synest det er trasig at klienten hans må gjennom ein ny runde i retten, men han er trygg på utfallet.

– Tek det med stor ro

– Vi tek dette med ganske stor ro. Vi hadde ein siger i lagmannsretten, ein utvida meddomsrett frifann Erstad for det han var tiltalt for. Eg ser ikkje nokon grunn til at Høgsterett vil kome til nokon annan konklusjon.

Saka har vart i fleire år og har vore belastande for klienten, men ingen av dei er spesielt oppskaka over at dei på ny må i retten.

– Erstad er ein roleg og sindig kar, og vi ser eigentleg fram til ein ny rettsrunde.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Torbjørn Sognefest Kolås

TRYGG PÅ UTFALLET: Torbjørn Sognefest Kolås er advokaten til Karl Jan Erstad.

Foto: privat

Karl Jan Erstad var rådgjevande agronom hos Vest Tank innan kjemi, og han var tiltalt for medverknad til det som førde til eksplosjonen på Vest Tank-anlegget i Sløvåg.

Under at ingen omkom

Den 24. mai 2007 eksploderte to store lagertankar for kjemisk avfall i Sløvåg. Tankane tilhøyrde selskapet Vest Tank. Det var reine underet at ingen vart drepne i den enorme eksplosjonen, men 10 personar vart lettare skadde.

Uhellet førde til at bygdefolket i ein stor omkrins kring Sløvåg vart uvel av utsleppa frå eksplosjonen. Vest Tank vart dagen før ulukka kjøpt av Alexela AS og skifte namn til Alexela Sløvåg.

Etter ulukka brukte selskapet 280 millionar kroner på rydding, ombygging og oppattbygging. I 2011 vart den tidlegare sjefen for Vest Tank dømd til fengsel i eitt og eit halvt år av Gulating lagmannsrett.

Økokrim anka lovbruken

Økokrim har anka lovbruken i saka mot Erstad fordi dei meiner lagmannsretten brukte lova feil.

– For vår del kan ein ny runde vere ein ny sjanse til å finne årsaka til eksplosjonen. Erstad og eg er overtydde om at dersom årsaka blir funnen så blir det opplagt at Erstad er uskuldig, seier Torbjørn Sognefest Kolås.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Vest Tank i Sløvåg

Etter eksplosjonen i Sløvåg.

Foto: Ness, Kåre / SCANPIX

– Overraska

Han seier han er overraska over at Høgsteretts ankeutval kom til at saka skal opp i landets høgaste rettsinstans.

– Det er no fire og eit halvt år sidan eksplosjonen, og det er kan hende på tide å sett epunktum i saka. Men diverre kjem den truleg til å versere i fleire år sidan årsaka til eksplosjonen ikkje er funnen.

Også Berland i Høgsterett

Saka mot den daglege leiaren i Vest Tank, Jostein Berland, kjem og opp i Høgsterett, men der er det anka på straffutmålinga, og det er både Økokrim og Berland som har anka.

Les om Fensfjordprosjektet og hamna i Sløvåg i Fylkesleksikonet.