Hopp til innhold

Statsministeren på besøk i Årdal - la ned blomar og tende lys

– Det er kjensleladd å vere her, seier statsminister Erna Solberg (H) som laurdag ettermiddag er på besøk i Årdal. Ho la ned blomar og tende lys til minne om ofra etter trippeldrapet.

Statsminister Erna Solberg er på besøk i Årdal etter trippeldrapa.

SJÅ VIDEO: Statsminister Erna Solberg legg ned blomar i Årdal. Foto: Sindre Sunde Tveit, NRK

Statsministeren kom til Årdal for møte hjelpemannskap, naudetatar og asylmottaket etter trippeldrapet for nesten 14 dagar sidan. Ho fekk også møte dei pårørande.

– Dette blei eit sterkt møte. I slike tette samfunn som Årdal blir heile lokalsamfunnet råka, for alle kjenner alle, seier ho.

– Viktig for meg å vere her

Tre personar blei brutalt knivdrepne på Valdresekspressen på veg frå Årdal. Bussen vart ståande halvvegs ute i grøfta på fylkesveg 53 ved Holsbru, og det som forbipasserande først trudde var ei trafikkulukke viste seg å vere langt verre.

Bussjåfør Arve Kvernhaug (55), Brahim Khoya (53) og Margaret Molland Sanden (19) vart alle uskuldige offer for handlingane til ein 30 år gamal mann frå Sør-Sudan.

Erna Solberg i Årdal

MØTTE HJELPEMANNSKAP: Erna Solberg helsar her på ambulansepersonell i Årdal.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

For statsminister Erna Solberg var det naturleg å besøkje industribygda inst i Sogn etter tragedien.

– Det er viktig for meg å vere her. Det er også viktig å få førstehandsopplysningar om kva som faktisk skjedde og korleis det blei handtert.

På møtet i dag blei det teke opp kva som skjedde då dei tre personane blei drepne.

– Etatane har påpeika svakheiter knytt til dekninga til naudnettet. Det er dårleg dekning i fjellområda i Norge. I kritiske periodar klarte hjelpemannskapet ikkje å kommunisere med operasjonssentralen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Erna Solberg i Årdal

MØTTE ASYLSØKJARAR: Erna Solberg ønskte å treffe dei som bur på mottaket i Årdal.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

– Sorgfullt, men fint

Under besøket i Årdal, trefte ho også asylsøkjarar som bur på mottaket i bygda. Solberg seier det blei eit fint møte og at det var viktig å møte asylsøkjarane.

– Det var sorgfullt, men veldig fint. Eg har hatt gode samtalar med både voksen og born her. Dei er like triste som alle andre. Eg spurde om dei hadde opplevd noko negativt frå Årdalssamfunnet, det har dei ikkje gjort.

Ho seier at ordføraren i Årdal har kome med eit viktig bodskap når han seier at det er berre er ein person som står bak drapa.

– Det er utruleg viktig at ikkje andre enn gjerningsmannen får skulda, seier ho.

Fleire typar mottak

Årdal kommune har teke eit kraftig oppgjer med Utlendingsdirektoratet etter trippeldrapet. Kommunen meiner den sikta asylsøkjaren aldri skulle vore send til mottaket i den vesle kommunen.

Solberg seier at Årdal kommune er oppteken av plassering av asylmottak

– UDI og Justisdepartementet kjem på besøk til veka, så dette blir eit tema då. Men Høgre, KrF, Venstre og Frp har sagt at vi skal ha ein annan mottaksstruktur enn vi har i dag.

Solberg seier at dei ønskjer mottak med fokus på integrering for dei som har fått opphald i Norge, og andre med fokus på dei som har fått nei og må ut av landet.

– Vi er heilt i starten i arbeidet med ein differensiert struktur. Vi ønskjer også å bruke lukka mottak meir enn i dag.

Lovar endra i asylmottak-politikken

Det har kome mange asylsøkjarar til Norge i løpet av sommaren. Solberg seier at mange mottak måtte etablerast raskt.

– Alle må bu ein stad og dessverre skjer etableringa av mottak av og til for raskt. Det er behov for å gjere endringar, og det kjem den nye regjeringa til å gjere.

– Vil kommunane få meir å seie når det gjeld etablering av mottak?

– Det er viktig å få til eit samarbeid mellom mottak og kommunane for gode tiltak. Det kan også vere behov for mottak som er nærare knytt til spesialhelsetenesta. Dette skal vi diskutere framover. Det ligg i premissane at vi skal endre asylmottak i politikken vår.

Tykkjer møtet var positivt

Rådmann Frank Westad i Årdal seier det var eit positivt og nyttig møte med statsministeren.

– Ho viste støtte og sympati og gav ros til dei som har vore involvert. Hjelpemannskap og naudetatane sette stor pris på at ho ville snakke med dei, seier han.

Erna Solberg i Årdal

LA NED BLOMAR: Statsminister Erna Solberg besøkte i dag Årdal. Ho la ned blomar på steinen utanfor rådhuset.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK