Erna kjem likevel til flaumråka Sogn

Dårleg flyvêr såg ut til å setje ein stoppar for Erna Solberg sitt planlagte besøk i Flåm og Lærdal laurdag. No tek statsministeren likevel turen - bil.

Erna Solberg ser ser på flomskadane i Flå,

SJÅ DIREKTESENDING: Erna Solberg kjem til Flåm for å sjå skadene etter storflaumen.

Statsminister Erna Solberg

KJEM: Dårleg vêr skaper problem for Erna Solberg sin planlagde rundtur til dei flaumråka områda på Vestlandet.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

– Problemet er dårleg flyvêr, men vi gjennomfører no likevel rundreisa ved hjelp av bil, opplyser Tor Borgersen ved Statsministerens Kontor til NRK.no.

– Det ser mørkt ut

Solberg skulle etter planen besøke Odda, Voss, Flåm og Lærdal i helikopter for å med sjølvsyn sjå skadane etter storflaumen. Men dårleg flyvêr i Hordaland gjer at planane måtte endrast.

– Vi jobbar med å finne alternative løysingar, men slik det ser ut no, ser det mørkt ut, opplyste Borgersen til NRK.no laurdag føremiddag.

Like før klokka 12.30 stadfester SMK at reiseruta går som først planlagt, om enn kraftig forseinka og med bil som framkostmiddel. Det er venta at Solberg kjem til turistbygda Flåm i 15-16-tida.

Ordførar: – Viktig at ho kjem

Ordførar Noralv Distad

KRISERÅKA: Aurland-ordførar Noralv Distad insisterer på at statsministeren bør ta flaumskadane i sjølvsyn.

Foto: Geir Bjarte Hjetland

Aurland-ordførar Noralv Distad seier det er viktig at Solberg kjem seg til Flåm som planlagt. Han har 13 raserte bustadhus, øydelagde vegar, bruer og anna infrastruktur å vise fram.

– Det som er viktig for meg er å vise Erna Solberg situasjonen slik den faktisk er. Ho må få eit inntrykk av dei enorme skadane som er gjort, slik at ho får danna seg ein best mogleg oversikt, seier Distad.

Ordføraren fekk sjølv telefon frå Erna Solberg om lag klokka 12.30 som stadfesta at ho kjem til bygda.

– Då er det viktig at ho har eit best mogleg faktagrunnlag. Det er viktig for kommunikasjonen mellom kommune og stat framover. Her er det kjempestore prosjekt som skal gjennomførast. Det vil koste veldig mykje, og vi er heilt avhengige av statleg medfinansiering for å løyse desse oppgåvene, fastslår Distad.

(Artikkelen held fram under biletgalleriet.)

Også lærdølene ventar

Ordførar Jan Geir Solheim

HAR KRAVLISTA KLAR: Lærdal-ordførar Jan Geir Solheim har klare forventningar til statsminister-besøket.

Foto: Jan Christian Jerving

I nabokommunen Lærdal, der det også er store flaumskadar , står ordførar Jan Geir Solheim (Sp) klar til å vise fram fleire flaumskader, men programmet i Lærdal kan bli avlyst.

– Det siste vi har fått opplyst er at statsminiteren uansett kjem til å køyre gjennom Lærdal med bil på veg tilbake til Oslo. Men det kan ha blitt mørkt når ho kjem hit. Avgjerda om ho stoppar her, blir derfor tatt seinare i dag.

– Kvifor er det viktig at statsministeren kjem?

– Det er viktig å få vist ho skadane, og gitt klar beskjed om kva hjelp vi forventar. Det har vi dårleg erfaring med her i Lærdal. Det er ikkje tvil om at skadane denne gongen er så store at vi treng hjelp, seier Solheim.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.