Hopp til innhold

Erling Sande går frå stortingsbenken til toppjobb i kraftbransjen

Tidlegare stortingsrepresentant Erling Sande er tilsett som konserndirektør for strategi og utvikling i Sogn og Fjordane Energi - SFE.

Terje Gjengedal og Erling Sande

MED PÅ SFE-LAGET: Konsernsjef Terje Gjengedal (t.v.) ynskjer Erling Sande velkomen til SFE.

Foto: Sogn og Fjordane Energi

– Å få arbeide i eit flott konsern, i ein så viktig bransje og ikkje minst i særs spennande tider for energisektoren var ei moglegheit eg måtte gripe, seier Sande.

Han har åtte år bak seg som stortingsrepresentant for Senterpartiet, men sa takk for seg før nominasjonen til stortingsvalet i haust. Han var frå 2007 til 2013 medlem i Energi- og miljøkomiteen i Stortinget. No ser han fram til å ha ein jobb i nærområdet.

– Eg har budd i Sogn og Fjordane heile tida, eg vekependla til Oslo den tida eg sat på Stortinget. No ser eg fram til å reise litt færre gonger til Oslo og vere meir heime og i heimfylket. Det gler eg meg veldig til.

Konsernsjef Terje Gjengedal i SFE er svært nøgd med å få Sande på laget.

- Vi står framfor nokre spennande år i kraftnæringa, med omfattande investeringar og rammevilkår i stadig endring. Erling har sterk kunnskap om energifeltet, kjenner bransjen godt og har solid innsikt i politiske prosessar.

Dette er ein kombinasjon som er ganske unik, og med Erling på laget står vi endå betre rusta i åra som kjem, seier Gjengedal.

No ser Erling Sande fram til å kunne bruke det han har lært på seks år som energipolitikar.

– Eg har lært mykje om energifeltet og blitt engasjert i det. Det handlar mellom anna om den teknologiutviklinga som vi veit må kome framover for å fremje meir fornybar energi. Åra i Energi- og miljøkomiteen har vore med og forma mitt engasjement for energifeltet.

– Gler meg til å ta fatt

Erling Sande tek til i stillinga i SFE i desember.


- Eg har vore i dialog med fleire spennande verksemder, men ønskte å vente til stortingsperioden formelt var over før eg tok ei endeleg avgjerd. SFE har markert seg svært positivt i den norske kraftnæringa, og dei har spennande planar og ambisjonar for åra som kjem. At dei ynskjer å ha meg med på laget er svært kjekt og eg gler meg til å ta fatt, seier Sande.

– Blir du energilobbyist for SFE no?

– Nei, eg har fått breie oppgåver i SFE, eg skal jobbe med utvikling av selskapet, sjølvsagt blir det kontakt mot styresmakter, men det er ikkje først og fremst som lobbyist eg er tilsett.