NRK Meny
Normal

Erlend byr på vorspiel på P1 kl. 15.05 i dag

Medan du ventar på den store Luttkonserten og utdelinga av Luttprisen i kveld, kan du bli med på ein times vorspielsending med programleiar Erlend Blaalid Oldeide på P1 mellom klokka 15.05 og 16 i ettermiddag.

Erlend Blaalid Oldeide

VERT: Programleiar Erlend Blaalid Oldeide inviterer på musikalske gjester.

Foto: NRK

På nettet kan du lytte til sendinga her.

I den lune kroken på Larris scene i Førde samlar han nokre av fylkets mest lovande artistar.

  • Iselin Solheim frå Naustdal har teke turen heim midt imellom alt studioarbeidet i Stockholm.
  • Den travle småbarnspappaen, låtskrivaren og hit-maskina Aleksander Pavelich frå Nordfjordeid kjem.
  • Det sjølverklærte Fenomenet og kongen av Balestrand, Kjartan Lauritzen dukkar opp.
  • På eitt år er han spelt over 85 millionar gongar til 13 millionar fans. Kva gjer slike tal med ein beskjeden kar frå Sandane som Sjur Gimmestad?

– Eg gler meg til sendinga der vi får møte nokre av dei mest lovande artistane vi kan by på. Det vert kjekt å gire opp til årets største musikkfest i Sogn og Fjordane, sprudlar Blaalid Oldeide.

Lørdag kveld er inviterer P3s Ronny Brede Aase til festkveld med Luttkonsert og utdeling av Luttprisen direkte i nett-TV.