Hopp til innhold

Erklærer full psykiatri-mistillit

Pårørande til psykiatriske pasientar har ikkje tillit til Helse Førde si rusbehandling

Ny ruspost står ubrukt

UBRUKT: Den nye rusposten på Nordfjordeid har stått tom i over eitt år.

Foto: Nyhetsspiller

Astrid Gytri

PÅRØRANDE: Astrid Gytry leiar Landsforeininga for pårørande innan psykiatri i Sogn og Fjordane.

Foto: NRK

– Vi har har ikkje lenger tillit til Helse Førde, seier Astrid Gytri i Landsforeininga for pårørande innan psykiatri,( LPP.)

Talet på døgnplassar halvert

Ho viser blant anna til at det i fjor berre vart brukt 18 døgnplassar til rusbehandling. Det tilsvarande talet i 2008 var 40. I staden blir mange pasientar sende ut av fylket.

– Vi er ikkje fornøgde med at det no berre er på Tronvik ein skal behandle ruspasientar. Vi synest det er veldig skammeleg at ikkje rusposten på Nordfjordeid er opna, seier Gytri

Behandlar færrast i landet

Sogn og Fjordane er det fylket som behandlar færrast pasientar med rusproblem. Gytri viser blant anna til at det i fjor berre vart brukt 18 døgnplassar til rusbehandling. Det tilsvarande talet i 2008 var 40.

– Vi er veldig kristike til kva tilbod dei har fått dei som har søkt om rusbehandling, men fått avslag. Vi kan ikkje sjå at andre delar av spesialisthelsetenesta har tatt vare på desse pasientane.

Ho meiner at Helse Førde no skubbar ansvaret for denne pasientgruppa over på kommunane, utan at at kommunane har trappa opp tilbodet til ruspasientar tilsvarande.

– Vi trur det er mange som vil falle mellom to stolar når ein gjer det på denne måten, seier Gytri.

– Ikkje dårleg tilbod

I Helse Førde meiner direktøren for psykisk helsevern at situasjonen ikkje er så ille som kritikarane vil ha det til.

Ole Christian Reusch

PSYKIATRI-SJEF: Ole Christian Reusch er direktør for psykisk helsevern i Helse Førde..

Foto: Aleksander Vallestad / NRK

– Vi kjøper plassar til dei vi ikkje kan behandle. Ein kan sjølvsagt seie at dei kunne blitt behandla på Nordfjordeid, om rusposten der hadde vore opna. Men alle veit at det er kalkulert med rundt 17 millionar kroner for å setje i gang denne, så det er også eit kostnadselement i dette.Vi har eit ansvar for å vurdere korleis vi skal bruke pengane på best måte, seier Ole Christian Reusch.

Han skulle gjerne ha opna rusposten på Nordfjordeid, men meiner det ikkje er noko krisesituasjon.

– Det er godt mogleg det vil vere å opne rusposten i Eid slik som planlagt, men i mellomtida vil eg avvise at vi gir eit dårleg tilbod til pasientane, seier Reusch.

Ny ruspost står ubrukt

SJÅ TV-REPORTASJE: Ny ruspost står ubrukt. (frå arkivet)