Hopp til innhold

Drapssikta (40) fengsla i fire veker

FØRDE (NRK): 40-åringen som er sikta for drap, eller medverknad til drap, er varetektsfengsla i fire veker.

Drap Florø - krimteknikarar gjer undersøkingar på ny adresse

UNDERSØKING: Dei same krimteknikarane som undersøkte åstaden der ein mann vart drepen tysdag er i dag på ein annan adresse i Florø.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Mannen erkjenner ikkje straffskuld. Etter det NRK kjenner til, kjem han likevel ikkje til å anke avgjerda til Sogn og Fjordane tingrett.

Advokat Ivar Blikra er oppnemnd som forsvarar for mannen som i dag møtte i fengslingsmøte i Sogn og Fjordane tingrett. Politiet kravde mannen varetektsfengsla i fire veker.

Den 40 år gamle mannen blei onsdag kveld arrestert og sikta for drap eller medverknad til drap, etter at ein 40 år gammal mann blei funnen død i Florø tysdag.

Ivar Blikra

FORSVAR: Ivar Blikra møtte i retten saman med klienten sin.

Foto: Håvard Heggen / NRK

– Han nektar straffskuld etter siktinga. Klienten min er svært påverka av den alvorlege siktinga han står overfor, og han har det vanskeleg, seier Blikra.

Han seier at mannen i dag har vore i eit lengre avhøyr før fengslingsmøtet.

– Kjenner han til den andre sikta og han som er drepen?

– Dette ligg i det eg seier, om at han er sterkt påverka og prega av ei så alvorleg sikting som omhandlar ein person han har kjent i fleire år.

I går blei ein 22 år gamal mann fengsla i fire veker med brev- og besøksforbod. Dei første to vekene er i full isolasjon. Også den sikta 40-åringen får to veker i full isolasjon.