Hopp til innhold

Erik Bakke presenterte trenarteamet

SOGNDAL (NRK): Ein skotsk trenar, Brann sin medisinske ansvarlege dei siste åra, og ei rekkje kjente ansikt. Dette er trenarteamet Eirik Bakke håpar skal få Sogndal tilbake til eliteserien.

Sogndal sitt trenarteam 2015

DEN NYE LEIINGA: Eirik Bakke Sogndal sitt trenarteam for 2015: Bak f.v.: Ynge Myhre, Marius Bøe, Helge Haugen. Framme f.v.: Ian McParland, Eirik Bakke og Terje Skjeldestad.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Eg er glad for å få denne gjengen med meg. God blanding av skotsk mentalitet og sognemål, sa Sogndal sin nye manager då han måndag presenterte 1. divisjonslaget sitt nye trenarteam.

Erfaren skotte

Frå før var det kjent at skotske Ian McParland er tilsett som A-lagstrenar. 53-åringen har tidlegare ei lang karriere bak seg som spelar på ulike nivå i England, Skottland og i Hongkong. Som spiss vart det 320 kampar og 88 mål, hovudsakleg for Notts County.

McParland har 118 kampar som manager i Nottingham Forest, Notts County og Ipswich Town. I tillegg var han assistentmanager i Swindon Town.

– Eg er veldig glad for at han tok utfordringa og forlèt familien for å trene Sogndal, sa Bakke.

Overfor NRK.no utdjupar den nye Sogndal-manageren:

Ian Mc Parland

GLER SEG: Skotske Ian McParland blir ny trenar i Sogndal.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Dette er noko vi har jobba med ei stund. Det er godt å få det ut, så vi kan begynne å jobbe. Eg er godt fornøgd med å få Ian med hans erfaring over frå England. Eg er ung og fersk trenar, då er det godt å få inn ein med lang erfaring frå trenaryrket der borte. Når vi hentar ein så stor kapasitet, så må Ian få stort ansvar.

I praksis betyr det at McParland får A-trenar-status på linje med den gamletrenar Jonas Olsson hadde i Sogndal.

– Ian får ein sterk plass på treningsfeltet. Han er veldig klar og tydleg på kva han vil. Vi skal stå fram med høgt aggressivt press med spelarar som jobbar hardt. Der er Ian og eg ganske like. Vi passar godt i lag. Vi vil ha eit lag som er vanskeleg å møte og som står høgt i bana, seier Bakke til NRK.no.

– Kva blir di eiga rolla i høve til Mc Parland?

– Det er viktig at vi gir Ian stor plass. Han er veldig dyktig på treningsfeltet. Så får eg finne min posisjon etter kvart. Eg trur det skal gå bra, seier 37-åringen.

Skotten sjølv seier han ser fram til å ta fatt på arbeidet i Sogndal.

– Eg ser fram til å jobbe med Eirik. Eg har hatt ei god kjensle sidan eg var her i august. Eg ser fram til å trene med denne gjengen og gler meg til å bli kjent med spelarane og gle meg over fotballen, sa skotten til det frammøtte pressekorpset måndag ettermiddag.

Sogndal har opp gjennom åra vore kjend for å vere eit typisk kontringslag som ligg lågt i bana og som slår langt når sjansen byr seg. Bakke legg ikkje skjul på at han ønskjer eit lag med meir britisk spelestil.

– Vi har lyst å utvikle pasningsspelet. Det første vi må få på plass er det defensive. Vi må legge lista litt høgt. Og vi er oppteken av at vi skal ha det moro på trening.

– No har vi tre månader til å jobbe godt etter ein tung haust. Vi må få opp spelargruppa og få tilbake sjølvtilliten i spelet vårt. Eg håpar vi blir eit lag som tek mange poeng, og samstundes at vi utviklar enkeltspelarar. Vi skal vere ein utviklingsklubb, og vi skal vere i toppen av førstedivisjon, erklærer Bakke.

Hentar medisinsk ansvarleg frå Brann

Ny i klubben er også Yngve Myhre. Fysioterapeuten har jobba i Brann si U-avdeling, der han har vore tilsett dei siste åtte åra.

– Yngve har gjort ein kjempejobb i Brann dei siste åtte åra. Det ser ein ikkje minst på det dei mange unge talenta som har komme opp og som Yngve har følgt tett medisinsk, seier Bakke som sjølv er tidlegare Brann-kaptein.

I Sogndal skal Myhre jobbe tett saman med ein annan kjenning frå Brann, Helge Haugen. Etter å ha lagt fotballskoa på hylla etter Sogndal sitt nedrykk i haust, blir fysioterapeuten frå Åsane fysikalsk trenar i Sogndal.

– Helge og Yngve kjenner kvarandre godt frå tida i Brann. Den avdelinga vil bli kjempebra. Vi hadde det i tankane då dei henta Helge frå Hønefoss, fortel Bakke.

Bøe blir utviklar

Under pressekonferansen trakk han også fram Marius Bøe som ei nøkkelbrikke i det nye trenarteamet. Balestrendingen har dei siste åra hatt trenaransvaret for Sogndal 2, eit ansvar han held fast ved. I tillegg får Bøe rolla som toppspelarutviklar med fokus på dei yngre spelarane.

– Marius er den mest spennande trenaren vi har i fylket. Han blir med som toppspelarutviklar og vil følgje opp dei unge både i klubben og elles i fylket.

Bakke er også glad for at Terje Skjeldestad held fram som keepertrenar.

– Eg føler vi har fått eit godt team. No er vi mange nye, så ein må gi oss litt tid. Det blir godt å komme i trening og lære kvarandre å kjenne

Dette er Sogndal sitt nye trenarteam:

  • Eirik Bakke: Manager
  • Håvard Flo: Sportsleg leiar
  • Ian Mc Parland. A-lagstrenar.
  • Terje Skjeldestad. Keepertrenar
  • Marius Bøe, Sogndal 2-trenar, og toppspelarutviklar
  • Helge Haugen, fysisk trenar.
  • Yngve Myhre. Ny medisinsk leiar i klubben. Kjem frå SK Brann.
  • Tom Mangersnes: Den tidlegare assistenttrenaren blir med vidare i ei analyserolle.
  • Tobias Franker: Klubblege
  • Ole Erik Grinde: Mental trenar
  • Dag Martin Fardal: Materialforvaltar

McParland sin managerstatistikk

Lag

Nivå

Frå

Til

Kampar

Sigrar

Uavgjort

Tap

Nottingham Forest

League 1

17.02.2006

30.05.2006

13

8

4

1

Notts County

League 2

18.10.2007

12.10.2009

103

28

31

44

Ipswich Town

Championship

07.01.2011

12.01.2011

2

1

0

1