Hopp til innhold

Erik (10) skal ta straffespark føre 45.000 på heimebanen til favorittlaget

10 år gamle Erik Paulsen frå Stryn skal få gjere det alle fotballsupporterar, både unge og gamle, drøymer om.

Erik Paulsen

TOMMEL OPP: Erik Paulsen gler seg svært mykje, men er samstundes ganske nervøs. Straffespark på Anfield er stort.

Foto: Privar

– Vi bestilte ein tur til Anfield for å sjå kamp, og så blei tre personar valde ut til å skyte straffespark!

Erik Paulsen er entusiastisk når han fortel kva han skal om rundt ein månad. Og det er ikkje rart:

10-åringen skal ta straffespark på legendariske Anfield, heimebanen til Liverpool, laget som har vunne den engelske ligaen 18. gonger og Champions League fem gonger, laget med den kanskje mest kjente supportersongen i verda, You`ll Never Walk Alone.

– Eg gler meg kjempemykje. Eg trur det blir ganske gøy, seier Paulsen.

– Ingen kommentar

Liverpool.no, den norske supporterklubben heimeside, kunngjorde nyleg at Paulsen er ein av tre heldige som får ta straffespark.

– Eg er litt nervøs. Eg skal ta straffe føre over 40.000 menneske!

Det skjer 31. januar, i pausen på heimekampen mot West Ham.

Kor skal du sette straffesparket?

– Ingen kommentar. Det vil eg ikkje seie noko om.

– Hæ? Kvifor det?

– I tilfelle nokre Liverpool-folk les dette, og seier det til keeperen. Det tek eg ikkje sjansen på, seier Paulsen.

Veit kvar han skal sette straffa

Liverpool er favorittlaget.

– Dei spelar veldig bra fotball. Dei spelte veldig, veldig bra i fjor. Det er og eit lag som ikkje er eit veldig stort kjøpelag, og det likar eg, seier Paulsen.

Han håpar også å få helse på nokre spelarar. Og er ikkje i tvil på spørsmålet om kven som er favoritten.

– Gerrard, kjem det kontant.

Steven Gerrard, kaptein sidan 2003. På folkemunne kalla Captain Fantastic. Mannen som tek straffesparka til Liverpool. Mannen som starta opphentinga då Liverpool kom frå 0–3 til 3–3 og vann på straffesparkkonkurranse i Champions League-finalen mot AC Milan i 2005. Mannen som med eit fantastisk langskot utlikna til 3–3 på overtid i FA Cupfinalen mot West Ham i 2006, då Liverpool igjen vann på straffesparkkonkurranse.

Eit stolt historie i straffesparkkonkurransar. Og føre den godt straffespark-vande Liverpool-fansen, nærmare 45.000 i talet, skal altså 10 år gamle Erik Paulsen frå Stryn prøve seg frå 11-meteren. Keeperen kjem frå Akademiet til Liverpool: ein ung, god og talentfull keeper.

– Har du bestemt deg for kvar du skal sette straffesparket?

– Ja.