Hopp til innhold

Erfaren dykkar omkom under dykking på skipsvrak

Det var ein svært erfaren dykkar frå Belgia som døydde under dykking i Solund sist måndag.

Krakhellesundet

DØYDDE: Mannen frå Belgia var på dykking i Krakhellesundet i Solund.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Politiet veit framleis ikkje kvifor ein mannen i 50-åra omkom under dykking ved to skipsvrak i Krakhellesundet i Solund.

Politiet ventar no ein førebels obduksjonsrapport og vil også sende dykkarutstyret til analyse.

– Det kan vere helsemessige grunnar, eller det kan vere noko med sjølve dykkarutstyret, eller feil bruk av utstyret som er årsaka til at dykkaren omkom, seier Roar Brudevoll, som er lensmann i Gulen, Solund og Masfjorden.

Det var avisa Nordhordland som først omtalte saka. Mannen var med i eit følgje med belgiske og franske dykkarar på eit planlagt dykk ved Seglsteinen. Dykk til vraka etter lasteskipet «Ferndale» og bergingsdamparen «Parat», som begge forliste under 2. verdskrig, er eit populært mål for dykkarar.

Politiet meiner å ha grei oversikt over dykket, men ikkje kvifor dykket til belgiaren enda i tragedie.

Utdanna dykkarinstruktør var mannen røynd, med eit stort tal dykk bak seg. Dykket til vel 50 meter ned i Sognefjorden gjorde han saman med ein annan. På veg opp att gjekk noko gale.

– Dei to måtte dekomprimere på kring 20 meter, men då verka alt for å vere OK. Då dykkaren litt etter såg etter makkaren sin, var han komen til overflata, fortel Brudevoll.

– Han avbraut då sin eigen plan for oppstiging og gjekk raskt til overflata, legg Brudevoll til.

Mannen pusta, men var ikkje kontaktbar, då han vart teken om bord i dykkarfartøyet. Han fekk både oksygen og etter kvart hjarte- og lungeredning, men livet stod ikkje til å redde.

Politiet håpar at obduksjonen og analyse av utstyret gir svar på kva som skjedde.

– Ut over det vert det å samle saman den informasjonen måtte, og sjå kor langt vi kjem, seier Brudevoll.