Hopp til innhold

Erdal utteken til ungdoms-OL

Karoline Erdal er teken ut til ungdoms-OL i Liechtenstein i slutten av januar.

Karoline Erdal

TIL OL: Karoline Erdal skal få prøve seg i eit stort internasjonalt renn.

Foto: Sibjørn Myklebust/Team Nordfjord

17-åringen frå Førde ei av tre jenter som Norges Skiskytterforbund har plukka ut.

– Det er veldig gøy å bli teken ut. Dette blir ei stor oppleving, seier Karoline Erdal.

Ho seier at målet er å gjennomføre eit godt løp.

– Eg må få ut det eg har inne. Eg har slite litt med skytinga i det siste, så den håper eg å få til. Det blir spennande med eit stort og internasjonalt renn der eg får samanlikna med meg løparar frå andre land.

Dei to andre jentene som er tekne ut er Mathea Tofte frå Vingrom IL og Une Kvelvane frå Voss SSL. European Youth Olympic Festival går av stabelen 25.–30. januar i Vorarlberg i Liechtenstein.