Ikkje alt går nedover i Høyanger. Foto: Gunnar Sigmar Håre.
Til no har dei selt alt dei greier å produsere i fem år framover. Dagleg leiar Christian Landaas seier til Firda at han er godt nøgd.
Kjøpt opp alt
Dei store sinkverka på kontinentet får ikkje tak i nok råstoff, og verk i Belgia og Frankrike har difor kjøpt opp alt Eras klarer å produsere.
Reknar med 40 tilsette
I løpet av få månader går bedrifta opp frå tre til fem skift. Landaas reknar med at talet på tilsette kan kome opp i 40 når Eras får i drift omn nummer to. Eras held til i den tidlegare slugfabrikken i Høyanger, og sidan 2002 er det investert for 120 millionar kroner i bedrifta, som driv med attvinning av sink frå filterstøv frå stålverk.