Hopp til innhold

Eras meld for sink-utslepp

Politiet har meld Eras Metall etter eit ukontrollert utslepp av sink i Høyangerfjorden torsdag.

Dagleg leiar i selskapet, Christian Landaas, seier til Bergens Tidende at det var snakk om eit par kilo.

Poltiførstebetjent Arnt Olav Aas seier dette utsleppet vitnar om at Eras ikkje har kontroll med utsleppa. I september i fjor vart Eras politmeld for å ha sleppt ut 130 kilo bly.