Hopp til innhold

Eras investerer for 54 millionar

Eras Metal i Høyanger skal bruke 54 millionar kroner for å byggje om produksjonsanlegget.

Eras Metall i Høyanger.

Eras Metall i Høyanger.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

- Etterspurnaden etter vår kvalitet av sinkoksyd har blitt sterkt redusert, spesielt etter krisa på verdsmarknaden, seier dagleg leiar Gunnar Esnali.

For mykje salt

For å betre kvaliteten skal det difor inversterast 54 millionar i ombygging av produksjonsanlegget. I første byggeperioden skal vaskeanlegget byggast om.

- Produktet vårt innheld for mykje salt i forhold til det marknaden vil ha. Difor byggjer vi om vaskeanlegget for å få betre vasking og eit betre produkt.

Betre miljøet

I neste byggefase før sommaren skal transportsystemet og forbehandlinga av råstoffet forbetrast. I tillegg skal bedrifta investere i eit nytt karbonfilter for å redusere utslepp i lufta.

- Vi investerer for å auke produksjonsvolumet, senke kostnadsnivået og betre det ytre og indre miljøet. Desse investeringane er heilt nødvendige for at ERAS skal kunne overleve.

Har tapt mykje

Prisen på produktet frå Eras har sunke dramatisk dei siste seks månedane, og bedrifta taper no pengar på å produsere sinkoksyd.

- Vi har tapt meir enn det vi set pris på, seier Esnali utan å ville seie noko om beløpet dei har tapt.

Salet av sinkoksyd i Europa har blitt sterkt redusert mellom anna som følgje av dei store reduksjonane hos stålprodusentane

- Vi er litt i same båt som Fundo. Når salet av nye bilar går ned, har det også innverknad for oss. For sinkoksyd blir brukt til galvanisering av bilar, og i dårlege tider går salet av sinkoksyd ned.

Permitteringar

På grunn av ombygginga vert store delar av arbeidsstyrken permittert i byggjeperioden som skal vare i seks veker. Det er totalt 25 tilsette ved bedrifta og 17 av dei blir permitterte i perioden frå 20. februar til 6. april.

Første del av ombygginga skal gjennomførast før påske. Esnali seier at alle skal vere i jobb igjen etter at bygginga er ferdig.