NRK Meny
Normal

Endeleg er kroppen i rute etter tøft NM - no gler han seg til Florø Indoor neste helg

Øyvind Strømmen Kjerpeset hadde ikkje dagen under landskampen i Finland laurdag. Men han har fått eit viktig svar: Kroppen er i rute for Florø Indoor neste helg.

Øyvind Strømmen Kjerpeset vekslar med Carl Emil Kåshagen

FEKK VIKTIGE SVAR: Øyvind Strømmen Kjerpeset fekk stafettpinnen frå Carl Emil Kåshagen, og sprang det norske laget inn til førsteplass. Det viktigaste for florøværingen var å få stadfesta at kroppen er i form til neste helg og Florø Indoor.

Foto: THORE-ERIK THORESEN

– Det viktigaste for meg i dag var å kjenne at kroppen fungerer. Eg er der eg skal vere, så neste helg blir veldig bra. Eg gler meg veldig, seier den unge friidrettsutøvaren frå Florø.

Florøværingen fekk vere med det norske laget til landskap i Tammerfors i Finland, der Norge kjempa mot Finland, Sverige og Danmark. Sjølv hadde Kjerpeset ikkje heilt dagen, men den enda til slutt mykje betre enn den starta.

– Det var ikkje min dag i dag

Med tre øvingar på planen vart det ein svært hektisk ettermiddag for friidrettskjempa. Først ut var 60 meter, ei øving han vann NM-gull i sist helg. Då med tida 6,92.

– NM vart ei veldig hardt helg for meg, og eg har slite med ein stiv hamstring sidan då. Den har ikkje ville sleppe taket, og det gjorde den først i dag. Så eg vart litt defensiv inn i den første øvinga, og det var ikkje så lett å omstille seg til å trø til, seier han til NRK.no.

Han enda på femteplass med tida 7,07, ei tid han ikkje er nøgd med.

– Nei, langt ifrå. Men det var ikkje heilt min dag i dag, seier Kjerpeset.

Fekk avslutte med førsteplass

Kort tid etterpå var han i elden igjen, denne gongen på 200 meter, ei øving der han frå før har ein personleg rekord på 20,98.

– Det gjekk heilt greitt i dag, eg sprang inn til tida 21,62, seier han om tredjeplassen bak to sterke svenskar.

Den tredje øvinga for dagen var stafett 4 X 300 meter, der florøværingen fekk æra av å avslutte for eit sterkt lag frå Norge.

– Det var veldig gøy å springe det norske laget inn til førsteplass. Det var ei fin avslutning på dagen, seier han.

Sugen på revansje neste helg

For etter at den vonde hamstringen slapp taket tidlegare på dagen kjente han at kroppen fungerte betre og betre for kvar øving. Og med eit stort stemne på plakaten neste helg, nemleg Florø Indoor, gjorde det godt.

– No skal eg lade opp til stemnet i Florø. Eg kjenner på kroppen at den er der den skal. Og når hamstringen min endeleg fungerer igjen, så kjem det til å bli veldig bra i Florø, seier Kjerpeset.

Der skal han konkurrere i både 60 meter og 100 meter.

Tre sekund bak førsteplassen

Marius Vedvik frå Førde representerte også Norge under dagens landskamp i Finland. Vedvik sprang 3000 meter, og med tida 8,28,55 hamna han akkurat utanfor pallen.

– Det er litt surt å vere eitt sekund bak bronsen, og tre sekund bak gullet. Men eg er godt nøgd med spurten, den har eg slite litt med, men i dag fungerte det, seier han til NRK.no.

Marius Vedvik

SEKUND UNNA: Marius Vedvik var berre sekund unna pallplass på 3000 meter.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK
Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser