NRK Meny
Normal

Byggjer stien med berre hendene - snart er himmeltrappa ferdig

Etter snart fem år med arbeid er trappa opp til Skålatårnet snart ferdig. Seks sherpaer frå Nepal jobbar no med berre nevane for å gjere ferdig den populære trappa som går nesten til himmels.

Sherpaer jobbar med Skålastien i Loen

TUNGT ARBEID: Kløkt, kunnskap og styrke må til når sherpaene jobbar med stien stein for stein.

Foto: Anne Rudsengen

Det er ingen store maskiner i sving når fjellfolket stein for stein pussar og flikkar på stien oppover fjellsida denne sommaren. På ei lita veke har dei allereie fått gjort mykje, og neste veke er det endå nokre svingar som skal ordnast.

Ansvarleg for Skålastiprosjektet, Anne Rudsengen, i Statens Naturoppsyn (SNO) er mektig imponert over arbeidet deira.

– Dei har spesialkompetanse på dette. Dei er veldig dyktige og veldig hyggelege, seier ho.

Avisa Fjordingen skriv at arbeidet i sommar skjer i den nedre delen av stien, i tillegg til nokre steintrapper i øvre del.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Trapp til fjells

TIL HIMMELS: Over 100 år etter at vegen opp til Skålatårnet ved Lodalen blei påbegynt, har nye trappetrinn kome på plass i sommar. Dei sklir mildt sagt godt inn i terrenget. (TV-sak frå august 2010).

Arbeidet starta for over 100 år sidan

Heilt tilbake i 1891 bygde doktor Hans Henrik Gerhard Kloumann eit tårn høgt oppe på fjellet Skåla i Loen. Skåla ligg på 1843 meter over havet og tanken var at den tynne lufta her skulle gjere folk med tuberkulose friske.

Det er altså over 100 år sidan dei første steinhellene vart lagt i terrenget for at folk lettare skal komme seg opp til toppen, og stien opp hit har berre blitt meir og meir populær.

Motbakkeløpet Skåla Opp har blitt ei knallsterk merkevare for Nordfjord og Loen og då løpet i fjor feira ti år var det med over 2000 menneske på startstreken. I løpet av eit år er det rundt 10 000 menneske oppe på fjellet.

Vil unngå mange parallelle stiar

Dei mange turgåarane i området fører til slitasje, både på stien og på området rundt stien, forklarar Rudsengen. Det er difor ein i fem år har arbeidd med å ruste opp stien.

– På ein måte er det halde fram arbeidet som doktor Kloumann starta, men det er også for å unngå slitasje i terrenget. I dei fuktige og våte partia blir det mange parallelle stiar, og det ønskjer vi å unngå, seier ho til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sherpaer jobbar med Skålastien - flyttar steinar på opp mot eit tonn med handemakt

TONN: Det blir ikkje nytta maskiner i arbeidet, og sherpaene flyttar steinar på opp mot eit tonn med rein handmakt.

Foto: Anne Rudsengen

Flyttar tunge steinar med handmakt

Rune Holen (t.v.) i Skålastiprosjektet og Ole Runar Aabrekk

OPPSYN: Rune Holen (t.v.) i Skålastiprosjektet og Ole Runar Aabrekk hjelper til og held også oppsyn med arbeidet som blir gjort.

Og det er ikkje kven som helst som blir hyra inn til denne jobben. Nepalske sherpaer blir rekna som dei flinkaste i verda til å byggje slike stiar, og har arbeidd på fleire fjellstiar i Norge dei siste åra.

Namnet på det nepalske fjellfolket, sherpa, har blitt synonymt med dyktige fjellførarar og berarar. I sommar er seks av dei i sving på Skålastien.

– Dei kan dette med å mure, dei er flinke til å flytte tunge steinar og veit korleis ein skal gjere dette med vatn langs stien, seier Rudsengen.

– Dei lager mellom anna mange stikkrenner for å leike vatnet vekk frå stien.

Sherpaene jobbar med rein handmakt og det einaste motoriserte hjelpemiddelet dei i år nyttar seg av er ein liten jernhest. Dette er ei større motorisert trillebår.

– Viktig at vi tek vare på stien

Store delar av Skålastien ligg i Jostedalsbreen Nasjonalpark og Rudsengen seier at friluftsliv er eit av verneformåla. Å leggje til rette for at folk kan nytte seg av stien er difor ein viktig jobb.

– Vi ønskjer at folk skal kunne nytte stien, og difor er det viktig at vi tek vare på den.

Dei seks sherpaene har denne veke arbeidd i eit område som ligg mellom 400 og 500 meter over havet, og seinare i sommar skal dei gjere ferdig deler av stien som ligg mellom 1400–1600 meter over havet.

Sherpaer jobbar med Skålastien i Loen

NØYE: Stein for stein og meter for meter jobbar seks sherpaer med stien opp til Skålatårnet denne sommaren.

Foto: Anne Rudsengen
Video Sherpaer bygger i stein

Geirr Vetti har i mange år fått hjelp av sherpaer frå Nepal på fjellgarden sin i Luster i Sogn. Videoen er frå 2006.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå