Hopp til innhold

Er sjukmeld frå alle verva sine

Jacob Nødseth er sjukmeld frå stillinga som politisk rådgjevar for ordføraren i Flora, og frå sine folkevalte verv i kommunen for Høgre.

Jacob Nødseth

SJUKMELD: Jacob Nødseth er sjukmeld på ubestemt tid.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Flora-ordførar Bengt Solheim-Olsen informerer i ei pressemelding måndag at den politiske rådgjevaren hans er sjukmeld på ubestemt tid.

Jacob Nødseth har i tillegg til å vere medlem av formannskapet og bystyret fleire politiske leiarverv i Flora kommune. I Nødseth sitt fråvere vil nestleiarane forvalte leiarmynda knytt til dei respektive utvala:

  • Hovudutvalet for helse- og sosial – Halvor Halvorsen (V)
  • Klientutvalet for helse- og sosial – Halvor Halvorsen (V)
  • Plangruppa og koordineringsgruppa for ny helse-, sosial- og omsorgsplan – Halvor Halvorsen (V)
  • Klagenemnda for enkeltvedtak etter forvaltningslova – Jarle Sundal (V)

I Jacob Nødseth sitt fråvere vil Høgre sin talsperson for helse-, sosial- og omsorgssaker vere Anita Solheim Steinset som er medlem av helse- og sosialutvalet og helseplangruppa.

Det er ikkje klart kva som ligg til grunn for sjukmeldinga til den profilerte politikaren.

NRK.no har vore i kontakt med fleire kjelder i partiet Høgre. Ingen ønskjer å kommentere sjukmeldinga utover pressemeldinga frå Flora-ordføraren. Nødseth har sjølv ikkje vore tilgjengeleg for NRK.no, men vil overfor firda.no ikkje kommentere saka.