Hopp til innhold

Er sikker på å få tilbod frå fleire klubbar

SOGNDAL - KRISTIANSUND 4-3 (NRK): Sogndal kan komme til å få konkurranse om signaturen til Thomas Drage. Mot Kristiansund noterte han seg for eitt mål og to målgjevande.

Thomas Drage fossar opp kanten for Sogndal
Foto: Christian Blom / NRK

– Det var veldig artig utpå der i dag, seier Thomas Drage.

Han var ein svært så sentral figur då Sogndal slo Kristiansund 4-3 på Fosshaugane. Med eitt mål og to målgjevande pasningar la han inn ein sterk søknad om ny kontrakt med sogningane.

Har ikkje tenkt på kvar han vil spele neste år

Men det er ikkje sikkert at det er så enkelt.

– Det har eg ikkje teke stilling til. Eg har hatt fokus på å rykkje opp, og det har vi nettopp klart. Så eg har ingen tankar om det - førebels.

– Kva har du lyst til?

– Det er vanskeleg å seie noko om det førebels, seier kantspelaren.

Er ikkje oppteken av pengar - men å utvikle seg

23-åringen kom i sommar til Sogndal frå Tromsø på kontrakt ut sesongen. Der har han fått ein ny vår, etter at han sleit med å få speletid på Alfheim.

Trass i at han lukta på landslagsspel berre for nokre år sidan.

– Eg trivst veldig bra her. Vi har vunne mange kampar, og det er noko av det artigaste eg veit. Så det er absolutt noko å byggje vidare på her i Sogndal, seier Drage.

Han legg til:

– Det viktigaste er at eg må få utvikle meg. Det var difor kom hit og gjekk ned ein del i løn. Eg likar å spele fotball, så pengar betyr ikkje mest.

Kristian Fardal Opseth feirar mål saman med Petter Strand og resten av lagkameratane
Foto: Christian Blom / NRK

Er nesten sikker på å få tilbod frå andre

Berre syltynn teori kan no ta frå Sogndal seriemeisterskapen i førstedivisjon. For Drage er det den aller første tittelen hans på seniornivå.

Han reknar med at han vil få tilbode frå andre klubbar etter sesongen.

– Eg har ingen alternativ per no. Men det er tidleg, og det vil komme andre tilbod. Det veit eg nesten, seier han.

– Då må eg gjere ei vurdering både på det sportslege og kvar eg kan trivast og gjere det bra.

– Thomas har verkeleg blomstra hos oss

Trenar Eirik Bakke er strålande nøgd med tilskotet frå nord. Kantspelaren har stått bak ei rekkje målgjevande pasningar i den korte tida han har vore på Fosshaugane.

– Thomas har verkeleg blomstra hos oss. No må vi byrje å tenkje på kven vi skal ha med vidare, seier Bakke til NRK.no.

– Er han blant dei?

– Det må eg ta med Thomas. Vi har bestemt at vi skal prate om det når ting er avklart. Men han har glidd fint inn i gruppa og gjort eit stort bidrag til at vi har klart det, seier trenaren.