Hopp til innhold

Er sendt varsel om konkursoppmoding for Tørvis Eiendom

Eit knapt år etter at hotellet stod på randa av konkurs har Luster Sparebank og Luster kommune sendt varsel om konkursoppmoding.

Tørvis Hotel

UVISST: Tørivs Hotell er inne i eit nytt skjebnesvangert år kan det sjå ut til.

Foto: Ane Øvrebø / Tørvis

– Vi har over lang tid arbeidd for å få til ei frivillig gjeldsordning for Tørvis Eiendom som er eigarselskapet til Ola Moe. Målet har vore å hindre avbrot i drifta ved hotellet, og skape grunnlag for ei god og levedyktig verksemd, skriv dei i melding til NRK.

Det tradisjonsrike hotellet vart berga frå konkurs i fjor. Men i januar kom det fram at hotellet i Marifjøra i Luster låg ute til sal.

– Banken har invitert til møte for å diskutere forhold rundt gjeldsfinansieringa, sa banksjef Oddstein Haugen til NRK då.

I dag har banken og kommunen kome fram til at dei ikkje ser nokon annan utveg enn å begjære eigarselskapet av Tørvis hotell konkurs.

– No må vi jobbe for å få drift på hotellet så snart som mogleg, seier bankesjefen i ein knapp kommentar til NRK i dag.

Eigaren var ikkje kjent med beskjeden

Ola Moe som står som eigar av hotellet er på si side overraska over avgjerda.

– Det er første gong eg høyrer om konkursoppmodinga, seier han på telefon til NRK.

Han seier samstundes at sjølve hotellet er overdrege til Marifjøra Eigedom og at ein har gjort opp for seg. Han trur lite på at konkurs blir enden på visa.

– Det er ingen risiko for at Tørvis eigedom blir slått konkurs. Selskapet er heller ikkje insolvent (at skuldar ikkje innfrir økonomiske forpliktingar ved forfall og er i økonomisk underbalanse, red.anm:), understrekar Moe.