Hopp til innhold

Politidistriktet har innretta seg etter nye krav til våpenbruk

Frå i dag må alle politifolk på patrulje kunne bruke våpen. Sogn og Fjordane politidistrikt er rusta til å fylgje krava frå Politidirektoratet, seier politimeister Ronny Iden.

Væpna politi på Fosshaugane

SKAL HA VÅPEN TILGJENGELEG: Alle patruljebilar skal ha førehandslagra våpen.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Dei nye krava kjem i kjølvatnet av trippeldrapssaka på Holsbru i Årdal i november i fjor. Den første politipatruljen som rykte ut dit hadde ikkje våpen i bilen fordi den eine av dei to politifolka ikkje hadde godkjenning for bruk av våpen.

Kravet om å ha våpen i bilen vart innført 1. oktober i fjor, altså vel ein månad før trippeldrapet. Men det var ikkje utarbeidd sentrale retningslinjer. No er krava klare.

Overgangsordning til 22. september

Ronny Iden

- KREVJANDE OMLEGGING: Politimeister Ronny Iden.

Foto: Truls Kleiven / NRK

Politimeister Ronny Iden seier at dei i tre veker framover må improvisere litt for å stette krava.

– Dei bilane vi har i patrulje er klarerte og utstyrte for førehandslagring. Vi har fram til 22. september nokre få politifolk i vakt som ikkje har våpengodkjenning. Det løyser vi med andre patruljar, slik at den gripbare ressursen ved ein slik episode vil vere ein patrulje med førehandslagring.

– Så dersom det skjer noko som krev bruk av våpen, så vil det bli sendt ut ein bil med førehandslagra våpen i tillegg til patruljen med politifolk utan våpengodkjenning?

– Ja, du kan seie det slik. Den gripbare ressursen skal vere med våpen.

– Stor omlegging

Iden seier at det har vore ein del arbeid med å få politidistriktet til å stette krava.

– Det er ei stor omlegging for oss og krevjande å få til, men vi er der vi skal vere med unnatak av tre patruljar ut september. Etter det vil vi vere fullt oppe å gå.

Politimeisteren seier at arbeidet med klargjering av patruljebilane for våpen var i godt gjenge før trippeldrapssaka i Årdal.

– Så kom denne omlegginga til at IP5 (politifolk utan våpengodkjenning) ikkje skulle vere ein del av den gripbare ressursen litt for på oss. Det har vore ei krevjande øving for oss, men eg meiner vi er der vi skal vere no.