Hopp til innhold

Regjeringa går til åtak på mediemangfaldet, meiner redaktørar i Sogn og Fjordane

Det kan bli færre aviser i Sogn og Fjordane om forslaget til statsbudsjett som vart lagt fram onsdag får gjennomslag på Stortinget.

Avisene i Sogn og Fjordane

FÆRRE AVISER? I dag er det åtte lokalaviser i Sogn og Fjordane.

Foto: Rune Fossum / NRK

Regjeringa vil kutte om lag 50 millionar i pressestøtta og vil ha åtte prosent moms på papiravisene. Dette har vekt reaksjonar i heile landet, og fleire av redaktørane i fylket er uroa over framtida til avisene.

Bengt Flaten er redaktør i Fjordingen i Stryn og leiar i Sogn og Fjordane avisforeining. Han seier situasjonen er veldig alvorleg.

– Det vil variere litt frå avis til avis, men mediebransjen generelt slit voldsomt med store omstillingsproblem frå papir til digitalt. Det er knapt ein dag utan store oppslag om aviser som må kutte dramatisk.

Bengt Flaten

SKUFFA OVER REGJERINGA: Bengt Flaten er redaktør i Fjordingen og leiar i Sogn og Fjrodane avisforeining.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Heile bransjen slit

Også her i fylket har avisene teke til å merke ein langt tøffare kvardag.

– Firda har gjennomført nedbemanning, heile bransjen slit, og ingen avis er isolert frå den trenden. Eg er skuffa over at regjeringa ikkje tek meir innover seg at medie-Norge slit, og at regjeringa sit med verkemiddel som kan motverke det, seier Flaten.

Han er oppteken av å halde på det mangfaldet av aviser vi i dag har i Sogn og Fjordane. I dag er det åtte lokalaviser i fylket.

– Det er journalistar som overvakar den kvardagen folk lever i, og det er avgjerande viktig for lokaldemokratiet. Det er sjølvsagt eit spørsmål om vi treng alle avisene, men eg vil ikkje vere med på at vi har altfor mange aviser i Sogn og Fjordane.

Før regjeringa la fram sitt forslag til korleis dei meiner Norge skal drivast dei komande åra var det store diskusjonar rundt støtta til avisene. Mange frykta at regjeringa ville legge fram forslag om å momslegge papiravisene og fjerne støtta.

Venstre og Kristeleg Folkeparti varsla at dei ville reagere om det skjedde. Og onsdag kunne redaktørar, journalistar og opposisjonspolitikarar høyre korleis dei blå vil kutte 16 prosent i pressestøtta.

Det utgjer 50 millionar kroner. I tillegg, og det vekkjer mest harme, kan papiravisene risikere å måtte betale åtte prosent i moms. No er dei momsfrie.

– Åtak på små aviser

Jan Inge Fardal

MOMSEN EIT PROBLEM: Sogn avis får halvannan million i året i meirutgifter, seier redaktør Jan Inge Fardal.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

For Sogn avis og redaktør Jan Inge Fardal er ikkje kutt i pressestøtta avgjerande. Dei har nemleg ikkje støtte i dag. Men momsen kan bli eit stort problem, seier Fardal.

– Det er eit direkte åtak på mange små aviser. For oss betyr dette halvannan million i ekstra utgifter, og då må vi auke prisen på produktet vårt. Det er ikkje spesielt lurt i ei tid då vi slit med å halde oppe abonnementstala. Eg trur ikkje regjeringa har skjønt kor vanskeleg det er for mediebransjen.

– Sludder og vås

Kulturdepartementet seier at ei lågare pressestøtte vil gjere avisene meir økonomisk uavhengige og dermed også gjere redaksjonane meir uavhengige. Dette er Bengt Flaten langt frå samd i.

– Det er for å seie det litt stygt sludder og vår. Det som er saka er at mindre pengar til å drive avisene i form av meir moms og mindre pressestøtte går ut over journalistikken og mediemangfaldet. Det har gått ut over dei store avisene, det tærer kraftig på regionavisene, og det vil gå ut over lokalavisene.

Også redaktør Svend Arne Vee i Firdaposten er kritisk til argumentasjonen frå departementet.

– Eg veit at norske redaktørar aldri har stått friare til å skrive det dei vil i høve til eigarskap. Det er ikkje den utfordringa redaktørane har, så eg kjøper ikkje det argumentet.

Svend Arne Vee

MOT SMERTEGRENSA: Redaktør Svend Arne Vee i Firdaposten.

Foto: Dag Frøyen, Firdaposten

Opposisjonen og støttepartia til regjeringa er ikkje nøgde med mediekuttforslaga og varslar alt no omkamp om pressestøtta.

Kristeleg Folkeparti er saman med Venstre klar til å ta kampen på Stortinget. Dei seier til NRK at dei er skuffa og meiner budsjettet gjev eit mindre mediemangfald.

– Kjem til ei smertegrense

Men om det vert kutt i talet på tilsette er enno vanskeleg å seie for redaktørane. Firdaposten har alt redusert, seier Vee.

– Det er ein prosess vi berre må halde fram med, men du kjem til ei smertegrense ein stad, der det svir så mykje at vi må revurdere det vi driv på med.

Jan Inge Fardal i Sogn avis seier han håpar dei slepp å nedbemanne.

– Men om denne utviklinga held fram kjem vi dit vi og.

Håpar på støttepartia

Leiar Bengt Flaten i Sogn og Fjordane avisforeining set no si lit til at framlegget frå regjeringa blir endra av støttepartia Venstre og KrF.

– Eg både håpar og trur det. Vi hadde stortingsbenken frå Sogn og Fjordane i tale i fjor og fortalde om situasjonen vår. Eg trur politikarane fekk auga opp for at ting kanskje var litt annleis enn dei hadde trudd. Etter det har situasjonen forverra seg, og det er lite som tilseier at det vil endre seg til det positive med det første.