Hopp til innhold

Asylsøkjarar er redde - fryktar represaliar frå bygdefolk

Fleire asylsøkjarar NRK har vore i kontakt med, er redde for at folk i Årdal er sinte på dei, etter at tre personar vart knivdrepne på Valdresekspressen måndag. Ein asylsøkjar frå Sør-Sudan er sikta i saka.

Daniel Fishaye Teklpap

SJÅ VIDEO: Mange søkte til plassen utanfor Årdal rådhus, der dei tente lys og la ned blomar for å minnast dei drepne.

– Eg visste at dei skulle komme og hente han i dag tidleg, fortel kvinna.

Ho bur ikkje i same hus som den trippeldrapssikta mannen, og kjende han heller ikkje.

Ho legg ikkje skjul på at den grufulle hendinga måndag kveld pregar alle som held til i husværa som husar asylsøkjarar i Årdal.

– Eg er i sjokk. Dette er frykteleg vondt. Og så er det så synd, for det fører til at alle vi som er asylsøkjarar, får eit dårleg rykte, seier kvinna.

Veit ikkje kva folk meiner

Ho er redd for at folk i Årdal skal vere redde asylsøkjarane, eller sinte, etter det som har skjedd.

– Men eg anar ikkje kvifor dette skjedde. Det er frykteleg. Eg er redd, seier kvinna, som gruar for å gå ut.

– Vi veit ikkje kva folk utanfor meiner om oss, for det er jo ein i gruppa vår som har gjort dette, seier kvinna, som fryktar represaliar frå nærmiljøet.

– Kven veit kva som kan skje når folk er under press. Det er umogleg å seie kva som skjer viss det tek laust, seier kvinna.

Samtidig er ho redd for kva som skjer på mottaket.

– Når folk er under press og går lenge utan å bli høyrde, så kan jo ting skje. Er ein desperat, så kven veit, seier kvinna.

(Artikkelen held fram under biletet)

Halv stang

PÅ HALV STANG: Det vart flagga på halv stang mange stader i Årdal i dag. Her ved Hydro sitt anlegg.

Foto: Christian Blom / NRK

Har ikkje opplevd noko vondt i Årdal

– Vi snakkar jo ikkje norsk, og nordmenn er litt sky. Men eg har ikkje fått nokon vonde følelsar eller opplevd noko vondt med folk i Årdal, seier kvinna.

Men ho har ein bodskap til nordmenn som no trur at alle asylsøkjarar er potensielt farlege.

– Hugs at alle personar er ikkje like. Kvar og ein handlar for seg sjølv. Ikkje alle har same eigenskap til å takle ting. Nokon taklar ting dårleg, og andre taklar det betre, seier ho.

Kvinna peikar på at nokon går heilt i kjellaren når dei er i ein asyl-situasjon.

– Ein kjenner ofte ikkje starten på historia. Folk er forskjellige, og har forskjellige verktøy med seg, seier ho.

– Vi er ikkje alle slik

NRK har snakka med fleire asylsøkjarar som ikkje ønskjer å late seg intervjue, men som er i sjokk, samtidig som dei er fortvila over ein manns gjerningar.

Fleire personar er klare på at dei fryktar reaksjonar, og er redde for at folk i Årdal er sinte på dei.

– Vi tykkjer dette er fælt. Vi tykkjer mannen som har gjort dette, er sprø. Men vi er ikkje alle slik. Men dette er berre frykteleg, frykteleg trist, seier kvinna.

– Eg håpar dei forstår at vi ikkje er like. Sjølv om ein mann gjer noko slikt, betyr det ikkje at vi andre kjem til å gjere det, seier kvinna.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bussen i Årdal blir frakta vekk

DRAMATIKK: Ein asylsøkjar i 30-åra er sikta for å ha drepe tre personar med kniv i Valdresekspressen måndag kveld.

Foto: Øyvind Bye Skille/NRK

Er mange som har vore skeptiske

På gata i Årdal er folk sterkt prega av måndagens tragiske hending. Og også årdølene har tenkt tanken på at nokon kan reagerer mot asylsøkjarane som gruppe.

– Eg forstår at det kan bli slike reaksjonar, men eg håpar folk tenkjer meir enn det. Det er éin person, dette, seier Mette Karlsen.

Ho er framleis sjokka over dramaet som fekk eit tragisk endelikt måndag kveld.

– Slikt skal ikkje skje, seier Karlsen.

– Trur du det vil komme reaksjonar mot asylsykjarane i bygda?

– Det er vanskeleg å seie. Det er nok mange som har vore skeptiske til asylmottak i utgangspunktet, og det blir vel ikkje særleg mykje betre no. Men eg håpar at folk har litt forståing for at det er like tøft for dei andre som er her, seier Karlsen.

Er andre ein burde vere sint på

Det håpar også Jan Sponås.

– Eg håpar at folk tenkjer seg litt om. Det er ikkje så enkelt som det vert framstilt. Vi veit ikkje kva som ligg bak, så det er ikkje asylsøkjarane vi burde vere sinte på, men dei som styrer heile greia, seier Sponås.

Han stiller spørsmål ved at det gjekk så lang tid frå avslag til utsending.

– Når denne personen ikkje fekk opphald, burde han vore sendt ut av landet. Det burde kanskje vorte handtert litt annleis enn det vart gjort, seier Sponås.

Jan Sponås

RETT PLASS: Jan Sponås forstår at mange kan vere sinte, men håpar folk tenkjer seg om, i stadenfor å la det gå ut over asylsøkjarane.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Årdølene ville i utgangspunktet ikkje ha asylmottak, men Fylkesmannen i Sogn og Fjordane overprøvde vedtaket til kommunestyret.

Sponås fortel at meiningane i bygda var delte då det vart bestemt at det skulle komme 150 asylsøkjarar til bygda.

– Det var vel for det meste negativt. Det var mange på ein liten plass, og det er vel ikkje så gunstig, seier Sponås.

Dei første asylsøkjarane kom for to-tre månadar sidan.

– Eg forstår at dei tankane kjem. Det er nærliggjande å tenkje seg det. Men vi får prøve å vere så storsinna at vi set oss inn i deira situasjon. Og at det kanskje er andre personar høgare opp i systemet der vi bør kanalisere sinnet, seier Sponås.

Peikar på at ein ikkje må stigmatisere

– Eg vil først uttrykkje medkjensle til dei som er ramma, både familie og venner og alle som er råka av denne tragedia, seier biskop i Bjørgvin, Halvor Nordhaug.

Han minner om at ein ikkje må gløyme dei som sit att på asylmottaket etter hendinga.

– Eg er oppteken av at dei ikkje må bli stigmatisert, at ein ikkje må tenkje at dei er farlege eller utgjer ein trussel. Dei er råka dei også av det som er skjedd. No er det viktig at lokalsamfunnet ser at asylmottakarane også har behov, og at dei kan inviterast og inkluderast med når ein har fellesmarkeringar, seier Nordhaug.

Biskopen meiner det er viktig at ikkje asylsøkjarane blir sette på sidelinja, og at det vert sett opp kunstige og uheldige skiljer mellom bygdefolket og asylsøkjarane.

– Vi har alle eit ansvar for å tenkje oss inn i den situasjonen dei har, som kjem til Norge som asylsøkjarar. Mange har vorte traumatisert og treng hjelp. Og så gjeld det korleis vi møter dei i lokalsamfunnet. At ein ikkje byggjer mentale gjerder, seier Nordhaug.

(Artikkelen held fram under biletet)

Biskop Halvor Nordhaug

STÅ SAMAN: Biskop i Bjørgvin, Halvor Nordhaug, ber bygdefolk ta med seg asylsøkjarane i sorga.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Må ikkje la frykta lamme oss

Han trur inkludering kan verke førebyggjande med tanke på tragiske hendingar i framtida.

– Men ein må vel også ha forståing for bygdefolk som kjenner frykt i ein slik situasjon?

– Jau, men vi må ikkje la frykta lamme oss. Vi har mange års røynsle i det å ha asylmottak. Det går stort sett veldig godt, seier Nordhaug.

Han peikar på at Norge har ei moralsk oppgåve når det gjeld å ta i mot folk på flukt frå krigsherja område.

– Det er aldri enkelt, men det er ei oppgåve vi er gitt som medmenneske, seier Nordhaug.