Hopp til innhold

Han takkar satsinga på folkemusikk for suksessen – no er han redd arven kan gå tapt

– Musikkarven vår kan forsvinne om folkemusikarane ikkje lenger får støtte, seier musikar Erlend Apneseth.

Erlend Apneseth får pris

HAR VUNNE PRISAR: Erlend Apneseth tek her imot ein av prisane for musikken sin.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Apneseth får støtte i dette frå fleire kjende personar i musikkmiljøet i Sogn og Fjordane.

Men fylkeskommunen får vesentleg mindre å rutte med dei komande åra, og må kutte på alle baugar og kantar. I dag skal Hovudutval for kultur avgjere kvar pengane dei må kutte budsjettet skal takast frå, og folkemusikarane kan bli råka.

Omfanget av fylkeskommunen si satsing på folkemusikk vert kraftig redusert om kuttforslaga vert gjennomført.

– Kan takke satsinga på folkemusikk

Tonane frå Erlend Apneseth si hardingfele har fått fleire prisar, kritikarane til å juble, og han vert skildra som ein av dei fremste folkemusikarane i landet i dag.
Men dit hadde han ikkje kome utan folkemusikktilbodet i Sogn og Fjordane, seier han sjølv.

– Det er klart eg ikkje hadde det. Eg er der eg er i dag fordi eg har fått lært av nokre av dei beste utøvarane i landet. Og det har skjedd berre på grunn av den satsinga som har vore.


No er han saman med ei rekkje andre framtredande musikarar og organisasjonar i Sogn og Fjordane svært uroa over kuttforslaga som ligg føre i Hovudutval for kultur.

– Det er heilt openbert at vi har hatt eit opplegg som har fungert veldig godt, så eg er litt redd for at dei stega som blir tekne no går i feil retning.

– Lettvint og kortsiktig

Fylkeskulturdirektøren har føreslått å kutte 900.000 kroner til neste år og 900.000 i 2016. Dette blir gjort ved å halde to stillingar ledige.

For Apneseth er det uforståeleg at tilbodet ligg for hogg.

– Det verkar alltid som den lettvintaste løysinga å kutte i kultur. Men eg meiner det er kortsiktig.

Folkemusikarordninga i fylket vart oppretta i 1989, og var den første av sitt slag i landet. Ordninga har som føremål å ta vare på og vidareformidle folkemusikktradisjonane i Sogn og Fjordane, og har i dag fleire faste tilsette som driv utøvande formidlingsverksemd og pedagogisk verksemd.

– Som om dialektane forsvinn

Sigmund Eikås og Indre Sunnfjord Spelemannslag

– SOM Å MISSE DIALEKTAR: Sigmund Eikås meiner mykje av kulturarven kan gå tapt.

Foto: NRK

Elin Grytting og Sigmund Eikås er begge pensjonerte folkemusikarar. Dei har hatt mange elevar. Deira stillingar vert ikkje erstatta om framlegget går gjennom. Eikås seier vi risikerer å tape delar av kulturarven vår om stillingane vert kutta eller reduserte.

– Sjølvsagt. Og kven skal ta ansvaret for folkemusikken i vårt område om det ikkje er fylket? Vi skal ikkje vente at folk frå andre stader skal ta vare på det. Det er som med dialektane, det ville vere stor synd om dialektane forsvann.


I saksutgreiinga kulturpolitikarane får på bordet i dag står det svart på kvitt at omfanget av fylkeskommunen si satsing på folkemusikk vert kraftig redusert, og at fylkeskommunen ikkje lenger kan bidra like mykje som tidlegare til ordninga.

«Det har teke lang tid og eit stort og medvete arbeid å kome dit vi er i dag. Men det er skremmande enkelt å rive ned. No er både fylkesmusikarordninga og tilskot til organisasjonar og knutepunktfestivalar som Førdefestivalen truga».

Dette skriv Sogn og Fjordane ungdomslag, folkemusikkfestivalen og Sogn og Fjordane musikklag i eit ope brev til fylkeskulturpolitikarane.


Dei fryktar for kulturarven i Sogn og Fjordane, og oppmodar politikarane om å vere sitt ansvar bevisst.

– Leitar med lys og lykter

Nils Gjerland

MINSTE MOTSTANDS VEG: Leiar Nils Gjerland i Hovudutval for kultur seier det er verre å måtte seie opp folk enn å la stillingar stå ledige.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Leiar for Hovudutval for kultur, Nils Gjerland, seier dei leitar med lys og lykter for å finne stader å spare pengar.

– Det er kanskje minste motstands veg som er vald. Det er to stillingar som blir ståande ledige inntil vidare, og då sparer vi desse pengane. Vi er på desperat jakt etter å finne innsparingar. Og så har vi sagt at om vi gjer dette på kort sikt så skal ikkje det nødvendigvis vere det permanente svaret.

Han vedgår at det vil vere eit tap å kutte i tilbodet.

– Det er alltid lettare å ha ei ledig stilling enn å seie opp ein som er i full jobb.

Erlend Apneseth håpar politikarane klarer å finne rom for folkemusikken når dei i dag skal kutte i kulturtilbodet.

– Det er viktig i seg sjølv å ta vare på ein arv, og for fylket er denne musikken i ferd med å bli ei merkevare. Det blir lagt merke til, og det er noko vi kan vere stolte over, denne kulturarven i Sogn og Fjordane.