Hopp til innhold

Fylkesvaraordføraren er redd for at utbygginga av fibernett stansar opp neste år

Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) fryktar at fiberutbygginga i Sogn og Fjordane stansar opp dersom Post- og teletilsynet sitt framlegg til bruk av breibandpengar neste år blir lagt til grunn.

Jenny Følling

REDD FOR TILBASKESTEG: Fylkesvaraordførar Jenny Følling (Sp).

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Følling er også nestleiar i breibandforumet i fylket. Sogn og Fjordane er på desidert jumboplass blant fylka når det gjeld breiband-dekning via fiber, og ho er redd for at dette no held fram.

– Fiberutbygginga i vårt fylke vil stogge opp dersom kriteria blir slik dei er utforma no.

Regjeringa meiner nemleg at eit forsterka 3G og 4G mobilnett samt ein nytt mobilnett på den gamle analoge TV-frekvensen her i landet vil dekke breibandbehovet, og så skal dei 150 millionane gå til å gje breiband til den siste toprosenten som då framleis vil mangle.

Håpar på ny regjering

Følling seier det mobile breibandnettet er godt nok for mange, men ikkje for alle.

– Difor må vi bygge ut vidare med fiber, og difor treng vi å få kriteria innretta slik at vi kan få ta del i desse midlane.

Både breibandforumet her i fylket og det nasjonale breibandrådet har påpeika dette i si høyring til Post og teletilsynet, og Følling håpar den nye regjeringa vil sjå til at retningslinene blir slik at vi kan bygge meir fiber her i fylket.

– Då kan vi auke kapasiteten til dei i næringslivet som treng det. Det vil vere eit tilbakesteg for fylket vårt dersom vi ikkje får bygge ut meir fiber når vi ser nokre år fram i tid.