Hopp til innhold

Er positive til serieomlegging

Førde - Birkebeineren

SPENNING: Førde rykte opp etter siger over Birkebeineren, og er uansett klar for 2. divisjon. Neste år kan 3. divisjon bli ein kvaliksesong for å halde seg på nivået før ei eventuell serieomlegging i fotball-Norge.

Foto: Bjørn Ivar Voll / NRK

Sogn og Fjordane kan få ei felles 3. divisjonsavdeling i fotball saman med Hordaland, dersom eit forslag om serieomlegging går gjennom på forbundstinget i NFF til våren.

Rein kvaliksesong

Framlegget inneber at talet på avdelingar i Sør-Norge blir halvert frå 20 til 10. Det mest sannsynlege utfallet for Sogn og Fjordane blir ei felles avdeling med delar av Hordaland.

I så fall blir neste år ein kvalifiseringssesong, der dei seks beste laga i den noverande 3. divisjon får vere med i den nye avdelinga.

- Vil gje betre kvalitet

- Dersom vi ser på 3. divisjon i Sogn og Fjordane dei siste åra, er det eit tydeleg skilje på dei fem-seks beste og resten - det ser du også i år, seier Tornado Måløy-trenar Geir Ove Refvik.

- Ved å spisse dette, vil du få betre kvalitet i alle ledd, argumenterer han.

Trur det blir tøft

Dermed støttar trenaren klubbutviklar Per Are Verlo i fotballkrinsen, som meiner ei slik omlegging vil heve nivået på fotballen i fylket.

Skulle framlegget gå gjennom på tinget, blir 4. divisjon den øvste divisjonen med berre lokale lag i Sogn og Fjordane. I årets sesong berga Vik plassen i 3. divisjon med eit naudskrik - fordi Førde klarte opprykket til 2. divisjon.

- Det er ingen tvil om at det blir tøft. Men vi har eit ungt lag, der dei aller fleste blir med neste år, seier leiar Nils Steinar Hove i Vik.

Han trur Vik skal kunne greie å bli mellom dei seks beste laga neste år. Det kan i tilfelle gjere at klubben bergar plassen i 3. divisjon med eit naudskrik - igjen.