Hopp til innhold

Positiv til obligatorisk kontroll av vogntog som kjem inn til Norge

Transportkomiteen meiner det er styresmaktene sitt ansvar å kontrollere at utanlandske vogntog er skodde for norske vintervegar.

Arild Tistel ved Førde Bilberging

STØTTAR FORSLAG: Arild Tistel ved Førde bilberging meiner obligatoriske grensekontrollar for vogntog er einaste vegen å gå.

Foto: Simon Solheim / NRK

– Vi ønskjer ikkje å ha lause kanonar på norske vegar. Det utgjer ein fare når vogntog er for dårleg skodde, ikkje har kjettingar – eller at sjåførane ikkje har kunnskap om å køyre på norske vintervegar, seier Ingjerd Schou (H).

Saman med resten av Transport- og kommunikasjonskomiteen var ho tysdag i møte der saka var oppe til høyring.

For også denne vinteren har media hatt tallause oppslag om vogntog som køyrer seg fast, sklir av vegen eller som av andre grunnar sperrar norske vegar på utfordrande vinterføre.

Støttar forslaget om grensekontroll

I Førde har Arild Tistel og Førde bilberging så langt hatt ein vinter som overgår det meste dei har opplevd tidlegare. Slik har vinteren også vore for fleire andre bilbergingsverksemder på Vestlandet.

– Perioden frå desember og fram til før helga var heilt vill. Eg kan ikkje hugse å ha hatt så mykje å gjere før, seier han.

– Utanlandske bilar er oftare involverte i problem enn andre. Dei har gjerne kjettingar med seg – men dei viser seg å ikkje vere brukande. Så eg meiner det er positive nyhende at ein vil innføre obligatoriske grensekontrollar, seier Tistel.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vogntog utfor vegen på E39

SPERRA E39: Dette vogntoget skapte store problem og gjorde at E39 ved Førde var stengd i mange timar tidlegare i vinter.

Foto: Hege Karin Johnsen

– Må vere styresmaktene sitt ansvar

Tysdag la Anne Marit Bjørnflaten (Ap) fram eit forslag der ho ønskte at utanlandske vogntog skal gjennom obligatorisk kontroll av vinterdekk og kjettingar når dei kryssar grensa til Norge.

Reaksjonane skal ha vore svært så positive i Stortingets transportkomité.

– Eg oppfatta komiteen som samrøystes; Det er ønskjeleg med meir kontroll på grenseovergangane. Og det må vere styresmaktene sitt ansvar å stille ressursane til rådvelde, seier Ingjerd Schou etter dagens høyring.

– Kan spare samfunnet mykje pengar

Schou meiner norske styresmakter må kunne stille krav til at også utanlandske sjåførar beherskar kunsten å køyre på vinterføre. Det vere seg at dei har kurs i å køyre på snø, veit kva krav som vert stilte til dekk og utstyr, og at dei kan å bruke kjettingar og anna utstyr.

Ingjerd Schou

POSITIV: Ingjerd Schou (H).

Foto: Sindre Løkstad / NRK

–Vi la i 2010 fram eit forslag om å ha obligatorisk kontroll på grenseovergangane, då sjåførane uansett må innom tollkontrollen. Vi er ikkje ute etter å stengje grenseovergangane, men vi må syte for å ha nok kompetanse og ressursar der det er mest aktuelt, seier Schou.

– Det er ikkje hjelp i om politikarane meiner dette, om ikkje Vegvesenet får naudsynte middel til å gjennomføre det, seier Tistel.

– Eg er sikker på at samfunnet vil spare mykje pengar på å innføre obligatoriske kontrollar på grensa. Det tenkjer eg kvar gong eit vogntog står fast og sperrar ein veg, seier han.