Hopp til innhold

Er overarbeidde etter storbrannen

Storbrannen i Lærdal i januar har ført til så mykje arbeid for Lærdal kommune at administrasjonen må utsetje handsaminga av mange saker.

Jan Geir Solheim

NÅR IKKJE OVER ALT: Jan Geir Solheim seier heile det kommunale apparatet jobbar på spreng, men at dei ikkje når over alt som skulle vore gjort.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

To kommunestyremøte er til no blitt avlyste fordi for få saker var klare til politisk handsaming.

Ordførar Jan Geir Solheim seier alle jobbar meir enn vanleg arbeidstid, men likevel rekk dei ikkje over alt dei burde.

– Vi har mykje å gjere i Lærdal no. Heile administrasjonen jobbar med ting dei ikkje hadde tenkt å gjere etter brannkatastrofen i januar, seier ordføraren.

Blant dei verste i norsk etterkrigstid

Om kvelden 18. januar i år gjekk alarmen i Lærdal. Det brann i eit bustadhus og i den sterke vinden spreidde flammane seg raskt.

På berre timar hadde brannen spreidd seg til fleire nærliggande hus, og brannvesenet jobba på spreng til langt ut på søndagen før dei fekk kontroll over storbrannen.

Brannen i Lærdal er ein av dei verste brannane i norsk etterkrigstid. 40 bygningar brann heilt ned, og over 70 menneske mista heimane sine.

(Artikkelen held fram under)

Når ikkje over alt

Jobben med å byggje opp att Lærdalsøyri er så krevjande at kommunen ikkje rekk å handsame dei ordinære sakene slik dei burde.

Dette har til dømes ført til at to kommunestyremøte har blitt avlyste, for det er ikkje mange nok saker som politikarane kan handsame.

– Det tek lenger tid å få lagt fram saker slik ting er no. Det er uheldig, men slik det er i desse tidene, seier ordførar Jan Geir Solheim (Sp).

Veit at folk er utolmodige

Ordføraren seier dei prioriterer saker som gjeld unge og eldre, medan andre saker ofte må vente.

– Eg har fått signal om at det er enkelte som er utolmodige og ventar seg raskare sakshandsaming.

– Til dømes samfunnsdelen av kommuneplanen vår har måtte ligge. Også andre typar planar, som reguleringsplanar og liknande, har blitt dytta ut i tid, seier Solheim som seier ekstraarbeidet etter storbrannen påverkar heile det kommunale systemet.

Vil ha fortgang i omstillingsarbeid

Leiar for Lærdal næringsutvikling, Arve Tokvam, merkar at arbeidsmengda til kommunen no er for stor.

Men som omstillingskommune meiner han det er viktig at også sakene som gjeld dette no blir behandla, og ikkje berre utsett.

– Det er viktig for oss å få effekt ut av dette arbeidet slik at vi ikkje kjem bakpå og mister trykket. Vi må kome inn att i utviklingstenkinga så fort som mogleg. Det å byrje tenkje framover vil også ha ein psykologisk effekt, seier Tokvam.