NRK Meny
Normal

Er nominert til pris på 250.000 kroner

Angedal Gard i Førde er ein av tre som er nominerte til årets nasjonale bygdeutviklingspris på 250.000 kroner.

Martha Bjørvik Angedal

KAN FÅ PRIS: Martha Bjørvik Angedal er overvelda over nominasjonen til den nasjonale bygdeutviklingsprisen.

Foto: Innovasjon Norge

– Det kjennest veldig, veldig bra. Kjempespennande, overraskande og litt overveldande, seier Martha Bjørvik Angedal.

Angedal er nominert saman med Moer gård og Norwegian Antibodies AS og Balke Gård til prisen, som skal delast ut under Internationale Grüne Woche i Berlin 16. januar 2014.

Angedal fekk Innovasjon Norge sin Bygdeutviklingspris for 2013 i oktober i år. Prisen vert kvart år delt ut til ein person som står bak ei vellukka etablering eller bedriftsutvikling med utgangspunkt i landbruket og bygdene sine ressursar.

Har vore målretta

Med berre tre nominerte, er sjansen ikkje så reint liten for at Angedal kan gå heilt til topps.

– Vi har snakka litt om det. Det kjem an på kva dei legg vekt på. Men vi har iallfall 33,3 prosents sjanse til å vinne, seier Angedal.

Angedal har vore svært målretta heilt frå val av utdanning til sosionom via yrkeserfaring innan omsorg, psykiatri og barnevern. Som ung gründer flytte ho tilbake til Førde og etablerte Inn på tunet på heimgarden i Angedalen.

Ein Inn på tunet-gard tilbyr tilrettelagde og kvalitetssikra velferdstenester som skal gje meistring, utvikling og trivsel.

Aktiviteten og tenestetilbodet er knytt opp mot garden, livet og arbeidet der.

Har 17 brukarar kvar månad

Å bli nominert til årets nasjonale bygdeutviklingspris, tykkjer ho er stort.

– Det er utruleg kjekt å bli sett pris på. Eg har tidlegare jobba mykje åleine, og lagt ned mykje arbeid som folk ikkje ser. Så det er kjekt å bli sett pris på på denne måten, seier Angedal.

Ho peikar på at dei legg stor vekt på kvalitet, og det å vere der for brukarane og pårørande.

– Kanskje fører dette til at fleire får opp auga for tilbodet, at det gjer ein stor forskjell, og kva det faktisk betyr for kvardagen til ein del av brukarane, seier Angedal.

I løpet av ein månad er det 17 brukarar innom garden til Angedal.

– Nokon er der ein gong i veka, nokon er der fleire dagar i veka og nokon overnattar, seier Angedal.

Har 12 tilsette

Ho starta opp på garden i Førde i 2009. Sidan oppstarten har verksemda dobla omsetnaden sin kvart år. I 2012 omsette ho for 2,7 millionar kroner, og i dag har Angedal Gard 12 tilsette.

– Eg hadde eit håp og eit mål då eg starta. Men det var ein periode eg heldt på å gi meg og trudde det ikkje skulle gå. Men same veka som eg tenkte at det ikkje gjekk, så losna det, og sidan har det berre vorte meir og meir, seier Angedal.

Prosjektet hennar har dermed vorte ein monaleg arbeidsplass, eigentleg utan at ho planla det slik.

– Det er veldig kjekt at det har utvikla seg slik, seier Angedal.

Har ikkje planar om å utvide

Men ho understrekar at ho ikkje har planar om å utvide drifta ytterlegare.

– Eg trur målet framover må vere å halde fokus på kvalitet og gjere ein god jobb med dei som er der. Ikkje nødvendigvis prøve å bli så mykje større, seier Angedal.

Prisen skal delast ut under Grüne Woche i Berlin 16. januar, og Angedal tek med seg familien og dreg ned.

– Eg, sambuaren, og jenta vår på ti dagar skal reise. Og så skal eg ta med meg brørne mine, for dei stiller alltid opp når det skjer noko på garden, så dei må få bli med, seier Angedal.

Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy