Hopp til innhold

«Er lett å ty til ein grandiosa i staden for å lage mat sjølv»

Nær 35 prosent av hybelbuarane i fylket er overvektige. Fleire unge NRK har snakka med, har ikkje problem med å sjå at mange vel lettvinte løysingar når dei skal lage seg mat.

Erlend Nesheim

LETTVINT: Erlend Nesheim (16) i gang med lunsjen sin ved Øyrane vidaregåande skule i Førde.

Foto: Guro Kvalnes / NRK

– Det er ganske gale.

– Det er ikkje bra, men det er vel billeg hurtigmat som ein har råd til på hybel.

– Det er lettare å kjøpe ferdigmat.

– Eg kan godt skjønne at det freistar å slengje inn ein Grandiosa.

Ungdommane ved Øyrane vidaregåande har fleire forklaringar på kvifor mange hybelbuarar i dag er overvektige.

For ei undersøking syner at om lag 35 % av dei som bur på hybel i fylket er overvektige eller har fedme, noko som vil seie at dei har ein BMI over 25 og oppover.

Undersøkinga er gjort blant elevar i 2. klasse på dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane.

Skulle vere positivt å flytte på hybel

Elevrådsleiar Gaute Dvergsdal ved Øyrane vidaregåande skule synest dette er ei lei utvikling.

– Det er veldig negativt. Det skal vere positivt for elevar å flytte på hybel for å gå på dei skulane dei vil. Når det utviklar seg på ein slik måte at dei kanskje ikkje klarar å halde oppe trening og kosthald slik dei gjorde heime, så er det noko kommunen må ta fatt i, meiner Dvergsdal.

Gaute Dvergsdal

SYND: Elevrådsleiar Gaute Dvergsdal ved Øyrane vidaregåande tykkjer utviklinga er lei.

Foto: Guro Kvalnes / NRK

Ungdommane er ikkje overraska over det som står i undersøkinga, dei skjønar godt at det kan vera vanskeleg å ete sunt når ein bur på hybel.

– Det har kanskje noko med kva som er billegast, og at det er lett å kjøpe mat som ikkje er bra og ikkje sunt, seier ei av elevane vi snakkar med.

– Det blir mykje hurtigmat og ferdigpizza. Du får liksom ikkje heimelaga mat og det sunne kosthaldet som du eigentleg burde hatt, seier ein annan.

– Det første eg tenkjer på er folk som sit på data. Eg kan tenkje meg at dei vert litt late, og dei har ingen som seier til dei at dei må komme seg i aktivitet, seier ein annan.

Vel heller godt enn sunt

Og Gaute Dvergsdal skjønar at det kan vera utfordrande å ete sunt og å halde seg fysisk aktiv når ein bur på hybel

– Ein tenkjer kanskje meir på kva som er godt, enn kva som er bra for deg, seier Dvergsdal.

– Har det også noko med pris å gjere?

– Ja, det har det heilt sikkert. Sunn mat er dyrare. Det er lett å velje potetgull til 20 kroner framfor fullt av grønsaker og middagar som kostar mykje å lage til, i tillegg til at det tek lengre tid, seier Dvergsdal.

Han legg til at når ein i tillegg bur åleine, så har ein ikkje nokon som kan hjelpe det med til dømes oppvasken.

– Då vert det mindre tid, og dermed meir attraktivt å kjøpe hurtigmat, trur Dvergsdal.

Elevane er klare på korleis problemet kan løysast.

– Ein må trene meir, seier ein av dei vi møter.

– Det er vel berre nokon ein kan ta tak i sjølv. Start på treningsstudio og et salat, så går det fint, seier ein annan.

(Artikkelen held fram under biletet)

Pizzabolle og sjokomjølk

SØTT OG GODT: Mange vel sjokomjølk og pizzabolle til lunsj. Det blir det fort mange kaloriar av.

Foto: Guro Kvalnes / NRK

Har frukost på skulen

Miljøkoordinator ved Øyrane vidaregåande skule, Tove Nedrebø, seier at skulen har fokus på at elevane si helse, utan at fedme har vore eit spesielt fokusområde.

– Vi har ikkje hatt noko spesielt fokus på hybelbuarar og overvekt. Men vi har eit særskilt fokus på folkehelse med tanke på aktivitet og mat. Vi har mellom anna frukost på skulen, seier Nedrebø.

Men ho legg til at dette ikkje har vore retta direkte mot hybelbuarar.

– Men det er viktig for oss at hybelbuarane blir tekne godt vare på når dei kjem her på hausten. Vi har eit godt samarbeid med Førde kommune der dei inviterer alle hybelbuarar til "velkommen til Førde", og informerer om kva tilbod som finst både av aktivitetar og skulehelseteneste, seier Øvrebø.

Ein har mellom anna hatt fokus på psykisk helse på desse dagane.

– Det er viktig at hybelbuarane kjenner seg ivaretekne i Førde, og at dei føler at Øyrane er ein god stad å gå, seier Nedrebø.

– Kva tenkjer du om dei tala som vert lagde fram?

Handlar om tidlegare rutinar

Elevrådet har mellom anna ønskt å sjå på kva tilbod kantina skal ha, og elevane er opptekne av at dei skal ha sunne alternativ.

– På Øyrane har vi restaurant- og matfag, og hybelbuarane våre har moglegheit til å kjøpe seg varm lunsj kvar dag til ein rimeleg penge, fortel Nedrebø.

På Øyrane vidaregåande har dei også frukost til sals kvar dag.

– Når det gjeld fysisk aktivitet, så har elevane ved dei tre vidaregåande skulane i Førde tilbod om gratis trening i Førdehuset ein time for veka. Kommunen betalar hall-leige og vi går inn med instruktørar, seier Nedrebø.

– Det handlar også om kva rutinar dei har før dei kjem til oss. Vi kan ikkje berre sjå på oss som skule, så det er litt komplekst, seier Nedrebø.

Fleire elevar NRK har snakka med, fortel at det er lett at ein kjem ut av rutinar ein har hatt før. Og at det er lett å ty til hurtigmat i staden for å lage mat til seg sjølv åleine på hybelen.

– Det trur eg på. Det er nok mange som tykkjer det er lettare å slengje på ein Grandiosa, seier Nedrebø.