NRK Meny
Normal

Hydro har redusert CO2-utsleppa med nær 75 prosent - takka vere forskinga her

På nær 25 år har Hydro redusert CO2-utsleppa sine med nær 75 prosent. Det er mykje takka vere teknologisenteret i Årdal.

Porten til Årdal Metallverk i Øvre Årdal

AVGJERANDE: All teknologien som Hydro investerer i og byggjer er utvikla i Årdal ved teknologisenteret.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

80 tilsette ved senteret i industrikommunen jobbar med å få utsleppa endå lenger ned.

– Utviklinga som skjer i Årdal har vore avgjerande for Hydro, seier senioringeniør, Albert Berveling.

– All teknologien som Hydro investerer i og byggjer er utvikla i Årdal ved teknologisenteret, seier Berveling.

Utviklar framtidas teknologi

Vegg i vegg med Hydro sitt aluminiumsverk i Årdal ligg teknologisenteret. Inne i ein diger industrihall står fire store testceller, eller behaldarar, som også produserer flytande aluminium.

Skilnaden er at her blir all ny teknologi testa ut før den blir sett ut i produksjon. Målet er å gjere produksjonen av aluminium meir miljøvenleg og effektiv.

Albert Berveling

FRAMTIDA: Senioringeniør Albert Berveling fortel at forskinga som vert gjort i Årdal er essensiell for Hydro si drift rundt om i verda.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

– Det er veldig viktig det som skjer her. Vi utviklar framtidas teknologi som Hydro skal bruke for å produsere aluminium, og vi optimaliserer Hydros eksisterande verk slik at dei held seg konkurransedyktige på verdsbasis, seier Berveling.

Verket I Årdal har vore i drift sidan 1948, og produserer over 200 000 tonn aluminium i året.

Skal førebu teknologi til pilotanlegg

Hydro sine verk rundt om i verda står for 4,5 prosent av all aluminiumsproduksjon. Råstoffet alumina må smeltast for å bli flytande aluminium. Der spelar Teknologisenteret i Årdal ei heilt sentral rolle.

– Det starta med ei modernisering i Høyanger i 1980. På 1990-talet hadde vi oppstart i Slovakia og Venezuela, og i 2002 starta ein eit nytt, moderne anlegg på Sunndalsøra. For tre år sidan starta vi i Qatar det som den gongen var verdas største anlegg. Der er vi i dag, seier Berveling.

I Årdal byggjer dei pilotceller og prototypar for å bruke mindre energi og få utsleppa ned. Senteret fekk tidlegare i år 38 millionar kroner frå ENOVA, for å førebu teknologi til pilotanlegget på Karmøy.

Målet for framtida er å få 30 prosent lågare utslepp.

Ein av dei som jobbar med det er Steinar Kolås. Han jobbar med å få betre oversikt over kva som skjer oppe i kara medan aluminiumen blir smelta.

– Det kan auke ytinga i cella, få betre produksjon og presisjon, og få ned energiforbruket på cellene, seier Kolås.

Ville gjerne overvaka temperaturen konstant

Å ha kontroll på det som skjer oppe i behaldarane der smeltinga av aluminium skjer, er vanskeleg. For Kolås og dei andre utviklarane er det å ha kontroll på temperaturen i smelteprosessen spesielt utfordrande.

Den blir målt ein gong kvar dag, men ideelt sett ville dei overvaka den konstant. Men å måle temperaturen i eit kar som held 960 grader er ikkje enkelt.

Steinar Kolås

KREVJANDE: Steinar Kolås jobbar med å få betre oversikt over kva som skjer når aluminium vert smelta.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

– Den store utfordringa vi har er å få gode målingar. Det er om å gjere å gjere ting smart og bruke dei målingane vi har på ein annan måte slik at vi kan ta ut informasjon også mellom kvar einskild måling, seier Kolås.

Kan lett resirkulerast

Ferdig smelta aluminium blir gjort om til blokker, som igjen blir delt opp, alt etter kva det skal brukast til. Det finst mellom anna i bilar, båtar, mobilar og datamaskiner. Aluminium er lett og kan enkelt resirkulerast.

– Det første som vart laga for 100–110 år sidan finst kanskje i ramma på vindauga i huset ditt. Det er ganske fantastisk med aluminium som konstruksjonsmateriale, samanlikna med stål som rustar veldig fort. Stål må også heile tida produserast på ny, ved hjelp av mykje energi, seier Beverling.

For utviklarane er det godt å sjå at forskinga dei gjer blir sett ut i livet verda over.

– To av kollegaene mine er i Qatar og skal innføre delar av den nye teknologien der. Det gjer ein ikkje fordi det ikkje er verdt noko, så det er litt artig å tenkje på, seier Kolås.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå