Er kritisk til at fylkeskommunen held konsulentforbruket sitt hemmeleg

– Fylkeskommunen bør vere open om kor mykje pengar dei brukar på innleigde konsulentar i saka om sal av aksjane i Fjord1. Det meiner ordførar i Stryn Sven Flo frå Høgre.

Sven Flo

BØR VERE OPNE: Stryne-ordførar Sven Flo meiner det er viktig at fylkeskommunen er open på kva han brukar pengar på.

Foto: Noralv Pedersen

Flo er svært kritisk til at fylkesrådmannen nektar å opplyse om konsulentbruken.

– Eg meiner at i den situasjonen fylkeskommunen er i i dag, der vi får førespegla oss relativt tunge kutt i framtida, så trur eg det er veldig viktig at vi er opne om kva fylkeskommunen brukar pengar på, seier Flo.

Samstundes som fylkeskommunen må kutte kraftig i tilbodet til innbyggjarane fram mot 2019, nektar fylkesrådmann Tore Eriksen å fortelje kva fylkeskommunen brukar på eksterne konsulentar i arbeidet med eigarskapen i Fjord1.

Meiner dei ikkje har høve

Med heimel i offentleglova fryktar Eriksen at openheit kring samla pengebruk kan avsløre kva fylkeskommunen vurderer å gjere med selskapet.

– Viss vi offentleggjer beløp her, gir vi samstundes indikasjonar på kva vi jobbar med. Det har vi ikkje høve til, seier Eriksen.

Han legg også til at dei har avtalar med konsulentar som hjelper dei, men at desse ikkje er offentlege. Samla sett er heller ikkje summane offentlege.

Som ordførar i Stryn har Flo måtte kjempe for den vidaregåande skulen, og for å skaffe pengar til fylkesveg 60 Olden-Innvik,

Flo meiner det er særleg viktig med openheit i ei tid der fylkeskommunen må forsvare store kutt.

– Når det gjeld konsulentbruk, så veit vi at det til tider kan ta av. Dei tek seg også periodevis godt betalt, seier Flo.

Hovudprinsippet er openheit

Og Flo får støtte av fylkespolitikar frå Venstre, Alfred Bjørlo. Han sende i går e-post til fylkesordførar Åshild Kjelsnes frå Ap der han ber om at offentleggjering blir drøfta i Fylkesutvalet.

– Hovudprinsippet i all offentleg verksemd er openheit der det kan vere openheit, og offentlegheit der det kan vere det, seier Bjørlo.

Alfred Bjørlo

SKAL OG BØR: Eid-ordførar Alfred Bjørlo meiner hovudprinsippet i all offentleg verksemd er openheit der ein kan.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Åshild Kjelsnes stilte i går ikkje opp i intervju om saka, men skriv i ei tekstmelding til NRK at ho vil ta saka opp i utvalet.

Ekspert på presse og offentlegheit, Gunnar Bodahl Johansen, har vanskar med å sjå at openheit kan gjere nokon skade.

– Særleg viss det er offentleg kjent i forvaltninga og det har vore ein debatt rundt dette, og alle veit at det skjer, seier Bodahl Johansen.