Hopp til innhold

Er i sluttfasen av etterforskinga - kan komme for retten i desember

Politiet har fått rapportane frå ulykkesgruppa til Vegvesenet, og er i sluttfasen av etterforskinga av bussulykka som kravde to liv på riksveg 55 ved Fardal i august.

Den svenske turistbussen som frontkolligerte i Fardal, Sogn og Fjordane

STORE SKADAR: Dei to bussane fekk store materielle skadar i kollisjonen som tok to menneskeliv.

Foto: Blom, Christian / NTB scanpix

– Vi er i sluttfasen i etterforskinga. Det står att litt, men ikkje veldig mykje, og eg ventar at vi i nær framtid kan overlevere saka til påtalemakta, slik at dei kan ta stilling til påtalespørsmålet, seier konstituert lensmann i Sogndal, Åge Løseth.

24 år gamle Karoline Eidslott Svinø frå Ålesund, samt ei 26 år gammal kvinne frå Taiwan omkom i ulykka då to bussar kolliderte på riksveg 55 ved Fardal, mellom Hella og Sogndal. Sjåføren av den svenske turistbussen er sikta for aktlaus køyring.

Har vore ei krevjande sak

Vitne har fortalt til NRK at den svenske turistbussen frå Bergkvarabuss køyrde midt i vegen då han kolliderte med rutebussen som var på veg mot Sogndal. Også rekonstruksjonen av ulykka, stadfesta at den svenske turistbussen ikkje heldt sida si godt nok.

Den norske kvinna som omkom, sat i den lokale rutebussen, medan den taiwanske kvinna, sat i turistbussen.

Løseth legg ikkje skjul på at det har vore ei krevjande sak å jobbe med.

– Det har vore ei svært arbeidskrevjande sak, ikkje minst fordi det var mange involverte, mange vitne og mange skadde. Men det har gått relativt greitt, vil eg seie, seier Løseth.

(Artikkelen held fram under videoen)

Ulykke Fardal i Sogn

PÅ STADEN: Ifølgje vitne skal den svenske turistbussen ha halde sida si dårleg.

Vil ikkje utdjupe hendingsforløpet

Den 54 år gamle svenske bussjåføren, som er sikta i dødsulykka, mista i 2011 sertifikatet i Norge for å ha brote fartsgrensa, samt utført ei aktlaus forbikøyring av eit større køyretøy.

Han vart stoppa av politiet på Grotli i Sjåk kommune, og fekk 8000 kroner i bot, samt at han mista førarkortet i seks månader.

No er det opp til påtalemakta å bestemme om dei vil ta ut tiltale mot sjåføren.

Politiet har fått rapportane frå ulykkesgruppa til Statens vegvesen, men ønskjer ikkje å utdjupe noko meir kring korleis ulykka skjedde.

Kan komme for retten i desember

Kor raskt saka kan komme for retten, er vanskeleg å seie. Men saka har høg prioritet hjå politiet.

– Det er sett av tre dagar til hovudforhandlingar i Sogn tingrett i midten av desember. Viss vi rekk å bli ferdig å etterforske saka, og rekk å ta stilling til ein eventuell tiltale, så kan det bli hovudforhandlingar då. Men det er det litt tidleg å seie sikkert per i dag, seier Løseth.

Også Statens Havarikommisjon for Transport har oppretta sak på ulykka. Deira undersøking vil fokusere på å kartleggje hendingsforløpet og påvise årsaksfaktorane som bidrog til at ulykka skjedde.

Det vil også bli undersøkt kva som påverka skadeomfanget.