Hopp til innhold

Er i full gang med å teste spelarar

Sogndal har denne veka hatt ei rekkje spelarar inne til prøvespel. Og fleire er på gang.

Eirik Bakke blant spelarane på trening

TESTAR: Eirik Bakke og Sogndal sjekkar no ut nye namn og spelarar som kan vere interessante for ein eventuell overgang til klubben.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Vi er no inne i ein fase der vi sjekkar ut litt spelarar som vi får innspel på. Vi vil sjå dei i vårt miljø. Og det vil komme fleire etter kvart, seier sportsleg leiar Håvard Flo.

Tek ei avgjerd ganske snart

Håvard Flo

MANGE NAMN: Håvard Flo meiner Sogndal ligg godt an med tanke på å forsterke stallen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Hovudtrenar Eirik Bakke har tidlegare varsla at Sogndal er på jakt etter ein keeper, ein midtstoppar og ein kantspelar i vinter.

Denne veka har klubben hatt besøk av James Poole (Dover Athletic), Ådne Nissestad (Brann), Sander Nordeide Grønli (Stabæk/Høyang) og Morten Strand (Rosenborg).

– Vi tek relativt kjapt ei avgjerd på om noko av desse skal bli hos oss, eller om dei må vidare og prøve seg i andre klubbar. Det er litt for tidleg å seie no, men det er eit trongt nålauge. Spelarane vi skal ha, må sjølvsagt ha eit visst nivå, seier Flo.

Får lokale spelarar på hospitering

Allereie kommande veke kjem det nye fjes på trening i Sognahallen. Mellom desse er Simen Lefdal frå Eid og Erling Myklebust frå Stryn. Desse skal hospitere med Sogndal ei veke.

– Korleis ligg de an i spelarjakta no?

– Vi ligg bra an, og vi jobbar intenst. Det er mange prøvespelarar, og det kjem nye over helga. Det kan også dukke opp andre namn og typar som kjem på hospitering i neste veke, seier Håvard Flo.