Hopp til innhold

Er i ferd med å gjere tidenes beste vårsesong

SOGNDAL (NRK): Sogndal passerte søndag ein gammal klubbrekord frå 1996: Aldri før har dei gjort ein så god seriestart!

Sogndal jublar med Saftkokaradn etter siger mot Fredrikstad

JUBELSCENER: Sogndal-spelarane takkar Saftkokaradn for solid støtte frå tribunen etter kampen mot Fredrikstad. Supporterane har grunn til å vere nøgde med seriestarten.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Eg hadde nok ikkje drøymt om ein slik start på sesongen, då Ian reiste og det var litt kaotisk. Men poengmessig er vi veldig godt nøgde, seier Eirik Bakke.

Trenaren kan slå i bordet med tidenes beste seriestart i førstedivisjon for Sogndal. Etter den overtydande 2-0-sigeren mot Fredrikstad, står sogningane med 26 poeng på elleve kampar.

Den gamle bestenoteringa etter elleve kampar var frå 1996, då Sogndal stod med 23 poeng – også det etter ein pangstart på sesongen.

Stadheim rosar spelarar og trenarapparat

Tidlegare Sogndal-spelar og -trenar Ingvar Stadheim gir både spelarar og trenarapparat æra for den strålande poengfangsten.

– Spelarstallen er brei og god. Trenarapparatet med Eirik Bakke og Ian McParland i vinter, og ikkje minst no med Terje Skjeldestad, som utfyller Eirik veldig bra, har gjort ein veldig god og solid jobb, seier Stadheim.

– Det er også positivt at heile stallen er i gang. Alle har fått spele, og det gjer at stallen no er i bra form, seier den tidlegare landslagssjefen.

Ingvar Stadheim og Eirik Bakke

MENTOR: Tidlegare landslagssjef Ingvar Stadheim er hyra inn som mentor og coach for Sogndal-trenar Eirik Bakke.

Foto: Kollasje

Meiner Bakke og Skjeldestad utfyller kvarandre

Sjølv er Ingvar Stadheim henta inn som coach for Bakke. Han meiner 37-åringen er eit stort trenartalent, og viser til bakgrunnen som spelar både på landslaget og som proff på høgt nivå i England.

– Han har spelt under gode trenarar, men treng sjølvsagt røynsle når det gjeld å vere leiar – og det er det eg har bidrege litt med.

– Kva er styrkane hans som trenar?

– Han er roleg, og det er noko som smittar over på laget. Og han er veldig god i samtalar med spelarane, seier Stadheim.

Han forklarer vidare:

– Terje Skjeldestad utfyller han på ein god måte med systematikk og profesjonalitet. Han har også erfaring frå tida som keepertrenar og ungdomslandslaget. Han har god ballast, seier mentoren.

Hannu Patronen scora to mål mot Fredrikstad

OPPTUR: Sogndal opplever ein ny vår etter det bitre nedrykket sist sesong. Her jublar Hannu Patronen etter ei av sine tre nettkjenningar så langt i år.

Foto: Steinar Lote / NRK

Er oppteken av å nyte tida i flytsona

Sogndal møter søndag Follo på bortebane i neste serierunde i førstedivisjon. To veker seinare er det duka for eit skikkeleg vestlandsoppgjer borte mot Brann.

Eirik Bakke er ikkje redd pangstarten skal bli ei sovepute for spelarane.

– Dei er veldig svoltne på å vinne kampar, og det er vi i trenarteamet også. Så det skal nok ikkje stå på det – sjølv om vi sikkert også kjem til å tape kampar. Men så lenge vi er i flytsona, så må vi nyte det, seier trenaren.

Sjå kva Eirik Bakke sa til NRK.no etter 2-0-sigeren mot Fredrikstad:

Eirik Bakke meiner Sogndal hadde kontroll på Fredikstad, men at laget har ein del å jobbe med.

PS: Tilbake i 1996 enda Sogndal på andreplass i førstedivisjon avdeling to. Sogningane enda på 42 poeng etter 22 spelte kampar – fem poeng bak suverene Haugesund.