Hopp til innhold

Er heilt utan politi

Bremanger kommune er for tida heilt utan politi, noko ordførar Audun Åge Røys (H) meiner er på grensa til å vere uforsvarleg, det skriv Fjordenes Tidende. Årsaka til at lensmannskontoret i Bremanger står tomt er at dei to politibetjentane som var der, har slutta, samt at lensmann Hans Rune Strandos har teke eitt års permisjon. Politistasjonssjef i Florø, Wenche Hope, seier dei jobbar med å få på plass nye folk ved lensmannskontoret så raskt som råd.