Hopp til innhold

Den svenske sjåføren stiller seg heilt uforståande til siktinga

Den 54 år gamle svenske buss-sjåføren, som i går vart sikta for aktlaus køyring før dødsulykka på riksveg 55 ved Fardal måndag, stiller seg uforståande til siktinga.

Mellingen

KAN SEIE LITE: Arvid Mellingen er advokat for den sikta svenske sjåføren.

Foto: Silje Guddal/Christian Blom / NRK

– Eg har hatt innleiande samtalar med min klient no, og han erkjenner ikkje straffskuld i forhold til det han er sikta for. Han har heller ikkje samtykka til noko beslag av førarkortet, seier advokat Arvid Mellingen, som skal hjelpe sjåføren.

Mellingen har berre så vidt fått snakka med sjåføren, og håpar å få snakka meir med han i løpet av dagen.

– Korleis har sjåføren det no?

– Eg vil ikkje kommentere det akkurat no. Eg er akkurat kommen inn i saka, så eg har ikkje grunnlag til å uttale meg meir enn det eg har sagt til no, seier Mellingen.

Sikta for å ha brote vegtrafikklova

Han skal vere i retten store delar av dagen, der fleire av dei utanlandske vitna skal gjennomføre rettslege vitneavhøyr, med tanke på at desse kan nyttast i retten dersom saka skulle ende der.

Den svenske sjåføren av den svenske turistbussen som kolliderte ved Fardal måndag, vart tysdag sikta for å ha brote vegtrafikklova sin paragraf 3.

Politiet meiner dei har grunn til å mistenkje at mannen har opptredd aktlaust og komme delvis over i motgåande køyrefelt.

(Artikkelen held fram under videoen)

Ulykke Fardal i Sogn

Ulukke FARDAL

Sjåføren er prega av ulykka

Dagleg leiar Göran Mellström i Bergkvara, selskapet som eig bussen, stadfestar at den svenske sjåføren er sterkt prega av ulykka.

– Han er jo prega av det som har skjedd, og har det naturlegvis ikkje så bra. Han er i sjokk, men har heldigvis berre fått mindre skadar. Han er avhøyrd av politiet og også av Havarikommisjonen, seier Mellström.

Han understrekar at stemninga i det svenske selskapet er trykka, og at situasjonen pregar dei tilsette.

– Våre tankar går til dei som har mista nokon, og dersom det skulle vise seg at dette kan skuldast noko som vår sjåfør har gjort, så gjer det det jo berre endå tyngre, seier Mellström.

Er ein av dei meir erfarne

Han legg til at sjåføren har lang fartstid og er erfaren.

– Han har køyrt mykje nord i Europa, og er godt fortruleg med norske vegar. Han har køyrt denne vegen mange gonger før, og har eit godt rykte, og er kjend som ein dyktig sjåfør, seier Mellström.

Mellström vart måndag sitert på at han meiner smal vegbane var årsaka til ulykka. Her meiner han seg feilsitert.

– Det eg sa var at bussen opphavleg skulle køyrt ein annan veg, som hadde vore breiare. Men sidan Gudvangatunnelen er stengd, måtte ei køyre denne vegen i staden. Og når vegen er smalare, så er det ei auka risiko, men eg har ikkje sagt at vegen er for smal til at to store køyretøy skal kunne møtast, seier Mellström.

Turen hadde vart i tre dagar, og bussen hadde køyrt frå Gudvangen tidlegare på måndagen før ulykka skjedde.

– Han skulle køyre 260 kilometer den dagen, seier Mellström.

To kvinner ligg framleis på sjukehus

To kvinner omkom, den 24 år gamle Karoline Eidslott Svinå frå Ålesund, og ei 26 år gammal kvinne frå Taiwan. Framleis ligg ei 52 år gammal kvinne alvorleg skadd, og ei 33 år gammal kvinne kritisk skadd på Haukeland universitetssjukehus. Til saman var over 30 personar involverte i ulykka.

Ulykka skjedde i ei 60-sone ved Fardal, mellom Leikanger og Sogndal. Den svenske turistbussen var på veg mot Hella, medan den lokale rutebussen var på veg til Sogndal.

Politiet er no i gang med å gjere rettslege avhøyr av dei utanlandske turistane. Truleg vert dei ferdige med dette arbeidet i løpet av torsdag.

Den norske bussjåføren vart avhøyrt tysdag ettermiddag. Det er ingenting som tilseier at han skal verte sikta i saka.