Hopp til innhold

Er heilt sikker på fulle tribuner

Allereie onsdag morgon hadde 5300 tilskodarar kjøpt billett til storkampen mellom Sogndal og Brann.

Fulle tribuner på Fosshaugane

SMEKKFULLT: Sogndal ventar at Fosshaugane blir smekkfull når Brann kjem på besøk til storkamp i eliteserien.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det er 323 billettar igjen, der 100 av desse vert haldne igjen til sal på kampdagen. Eg er 100 prosent sikker på at det vert utseld, seier arrangementsansvarleg i Sogndal Fotball, Geir Inge Heggestad, til Sogn Avis.

Skil supporterane med høgt gjerde

Med andre ord: Alt ligg an til smekkfull stadion med 5623 tilskodarar – og ei elektrisk stemning på Fosshaugane mot Brann på søndag.

Det vil i tilfelle vere første gong Fosshaugane Campus er fullsett etter at tribunen på gamle Bjørkesida vart ferdig i sommar.

Ifølgje Sogn Avis har Brann-supporterane fått 648 billettar til kampen. Desse får eigen inngang, og eit to meter høgt gjerde skal skilje fansen frå resten av publikum på Fosshaugane.

(Artikkelen held fram under biletet)

Saftkokaradn på Fosshaugane

FÅR KONKURRANSE: Saftkokaradn skal syngje høgt, skal dei overdøyve over 600 supporterar frå Bergen...

Foto: Rune Fossum / NRK

... Men rekorden er langt høgare

– Dette er ein risikokamp, så me er ekstra på allerten og gjer alt me kan for at ting skal gå trygt føre seg, seier Heggestad til avisa.

Den offisielle tilskodarrekorden til Sogndal er på 7025 personar.

Den «uslåelege» rekorden skriv seg tilbake til kvartfinalen mot Start i 1976, då klubben som kjend spelte seg heilt fram til den legendariske cupfinalen – også den gongen mot Brann...