Hopp til innhold

Er flytta opp på G18-landslaget

For berre eitt år sidan spelte Gustav Valsvik (17) lokalfotball i 3. divisjon. No er han ein stødig midtstoppar på Sogndal - og på G18-landslaget eit halvt år før tida.

Gustav Valsvik

KLAR FOR G18: Gustav Valsvik har opplevd mykje på det korte året sidan overgangen frå Vik til Sogndal.

Foto: Rune Fossum / NRK

Saman med lagkameratane Eivind Daniel Røed (18) og Ørjan Hopen (18) skal Gustav Valsvik bli med G18-landslaget og spele EM-kvalik i Estland.

Det hadde 17-åringen ikkje venta. Vikjen har nemleg framleis eit halvt år igjen på G17-landslaget.

- Det kom som eit sjokk. Dette var eg ikkje førebudd på det i det heile teke, seier Valsvik til NRK Sogn og Fjordane.

- Gått over all forventing

Det er berre eitt år sidan Valsvik spelte på Vik i den lokale 3. divisjon. Men 17-åringen har allereie fått bra med speletid på Sogndal, og no får han også sjansen eit nytt landslag.

- Det har gått kjempefort - eg hadde ikkje trudd det. Eg trudde eg måtte tilpasse meg mykje meir, men det har gått over all forventing, seier Valsvik.

Frå før står han med om lag 20 kampar for G16- og G17-landslaget.

Vil rykkje opp med Sogndal

Sjølv trur Valsvik han er teken opp på G18-landslaget som ein backup. Han vil likevel kjenne på nivået, og meiner det er kjekt berre å få sjansen.

- Kva er planane framover?

- Eg vil gjerne spele meir på Sogndal, og kanskje rykkje opp med laget. Det er målet no, seier Valsvik.

Gustav Valsvik (t.v.) og Even Hovland

STERK DUO: Gustav Valsvik spelte i spann med Even Hovland i midtforsvaret til Sogndal i 3-0-sigeren mot Mjøndalen.

Foto: Rune Fossum / NRK